Torsdagskvelden blir det politisk debatt i teltet på Kulturalmenningen i Ulsteinvik. Debattleiar er Arnfinn Ingjerd, dagleg leiar for Maritime Forum Nordvest.

Tema for debatten er næringspolitikk med fokus på havrommet. Debatten er delt i fire undertema: Olje og energi, Nasjonal transportplan med fokus på sjøtransport, formuesskatt og anna.

Det blir også opna for spørsmål frå publikum.

Til slutt får partia avslutte med ein appell på eitt minutt der dei får argumentere for kvifor folk bør røyste på deira parti.

Ei dame og sju menn

Veljarane i Møre og Romsdal har heile seksten parti dei kan velje mellom i årets stortingsval. Det er Alliansen, Arbeidarpartiet, Demokratene i Norge, Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti, Kystpartiet, Liberalistane, Miljøpartiet Dei Grøne, Nordmørslista, Partiet Dei Kristne, Pensjonistpartiet, Raudt, Senterpartiet, Sosialistisk Venstrepartiet og Venstre.

Men i debatten i Ulsteinvik er det åtte parti som er representerte. Framstegspartiet stiller med landbruksminister Jon Georg Dale. Stortingsmann Fredric Holen Bjørdal representerer Arbeidarpartiet. Geir Inge Lien, som er vararepresentant på Stortinget for Senterpartiet, kjem også. Lage Nøst representerer Miljøpartiet Dei Grøne i panelet. Han er førstekandidat for fylkespartiet til stortingsvalet.

Stortingsrepresentant Helge Orten representerer Høgre i panelet. Han stiller til attval og er førstekandidat på lista til Høgre.

Stortingsmann Steinar Reiten frå Krf håpar også på attval, og stiller i panelet denne fredagskvelden.

Stortingsrepresentant Pål Farstad frå Venstre kjem også, han er også førstekandidat til dette stortingsvalet.

Den einaste dama i panelet er Yvonne Wold, som representerer Sosialistisk Venstreparti. Også ho er førstekandidat.

Spurde dei som sit på Stortinget

Debattleiar Ingjerd seier at dei valde å spørje dei partia som alt sit på Stortinget til denne debatten. Dei har fått spørsmål frå Dei Kristne om dei også får vere med i panelet, men det får dei ikkje. Dei fekk vere med i panelet for to år sidan, då det var kommuneval, og dei får vere med om to år igjen når det er nytt kommuneval, om dei då stiller liste.