Ferien er over for Landmark. Frå fredag 25. til og med søndag 27. august blir det feiring av heimkomsten til Polarstar i tre dagar til ende ved Ishavsmuseet.

Han kan rapportere om stor interesse for heimkomsten til Polarstar.

– Eg vil strekke det så langt til å seie at eg er overraska. Tidlegare mannskap om bord på Polarstar har byrja å ringe rundt om frå heile landet. Dei lurer på kva som skal skje, om dei kan kome, og kvar dei kan bu.

Bokslepp fredag

Feiringa tek til fredag 25. august med lanseringskveld for boka om «Polarstar». Forfattarane er Gunnar Myklebust, Johannes Alme og Webjørn Landmark, og alle tre blir til stades.

Gunnar Myklebust seier til Vikebladet Vestposten at dei tre har samarbeidd godt om prosjektet. Den tidlegare NRK-journalisten budde i Brandal i folkeskuletida, og meiner det var viktige år som har vore med på å forme han.

Han er imponert over innsatsen til Willy Nesset med åfå setje Polarstar i stand.

– I dag er så godt som alle ishavsskuter borte. Det er flott at Polarstar no kjem tilbake til sin ungdoms glans, så då eg fekk spørsmål om å vere med på å lage bok kunne eg ikkje anna enn å svare ja, fortel Myklebust.

I 9–10 årsalderen klatra han til topps i tønna på Polarstar saman med ein guteflokk.

– Det vart første og einaste gongen eg gjorde noko sånt, slår han fast.

Boka, som har fått tittelen «Polarstar – Ishavets Grand Old Lady», er spekka med foto, intervju med folk som har vore mannskap på skuta , og gode historier.

– Det er ikkje ein biografi over skuta gjennom 70 år, men levande skildringar frå mange spennande oppdrag. I tillegg til meir enn 50 turar på selfangst ved Newfoundland og i Vesterisen, har Polarstar vore både sysselmannsskute, forskingsfartøy og turistbåt. Ho har frakta blåbær og agnsild, vore på oljeleiting, isbjørnteljing og frakta dynamitt i Mellom-Amerika, ramsar Myklebust opp.

Polarstar får eigen vals

I tillegg til boksleppet fredag kveld, får publikum for første gong høyre «Polarstar-valsen». Per Arne Brandal har laga både melodi og tekst, og han blir framført av The Red Rooster Blues Band. Deretter blir det både bacalao og musikk ved Ronald Øvrelid.

«Staren» kjem laurdag

Laurdag 26. august er ventetida over. Då skal Polarstar klappe til kai i Brandal, etter fleire år med restaurering i Polen.

Det blir eige program på kaia, med blant anna song av Brandalskoret, velkomsthelsingar og ny framføring av Polarstar-valsen med The Red Rooster Blues Band og Knut Selvåg.

Polarstar blir open for publikum i tre timar, og om kvelden skal Five Beats spele til dans i eit telt ved museet.

Buss i skytteltrafikk

– Laurdag reknar vi med storinnrykk til Brandal og har sett opp buss som skal gå i skytteltrafikk mellom Hareid og Brandal, opplyser Landmark.

Ulstein mannskor søndag

Også søndag 27. august blir det mat og kaffi å få kjøpt ved museet, og Polarstar blir open for publikum i fleire timar. Knut Selvåg skal spele trekkspel på dekk, og Ulstein Mannskor skal underhalde.

Har fått alle godkjenningar

Hovudattraksjonen sjølv, sjøvaste «Staren», ligg framleis ved verftet i Polen. Reiar Willy Nesset opplyste over telefon tysdag i denne veka at Sjøfartsdirektoratet/Skipskontrollen har vore om bord, og at alle godkjenningar no er på plass.

– Og tysdag i neste veke kjem mannskapet på 8 frå Norge for å føre skuta heim. Dei skal bruke nokre dagar på å gjere seg kjende med skuta, og så set dei kursen mot Brandal 21. august, fortel Willy Nesset.