Trebaatfestivalen startar torsdag:

Ei rekke båtar har alt meldt seg på, men Urke slår fast at det er ikkje alle trebåtentusiastar som er så ivrige på nett. – Men «Wyvern av Aalesund», «Storeggen», «Galeien av Sula» er blant båtane som kjem.

– Litt av spenninga er å gå i hamna og sjå kva båtar som dukkar opp. Det blir heilt sikkert mange, lovar Line Urke.

Fleire nye programpostar

Nytt av året er at det laurdag ettermiddag blir kåring og prisutdeling av «Årets trebåt».

Det er også nytt at det både fredag og laurdag blir losvandring frå Hotellkaia.

– Då kan folk vere med Knut Arne Høyvik som går frå båt til båt for å fortelje om farkostane. Det blir også høve til å gå om bord for å snakke med skipperane, opplyser festivalsjefen.

Aktivitetar ved Foreiningsbuda

I år er området for Trebaatfestivalen utvida, og Urke opplyser at det blir aktivitetar også på Geileneset, ved Foreiningsbuda, Kaffikari og i småbåthamna.

– Budene er heilt sentrale i kystkulturen vår, og eg er svært glad for at Flåværsleida småbåtlag har sagt ja til å bruke Foreiningsbuda. Dei har med seg fleire fartøy, blant anna ein seksring frå Herøy kystmuseum, og dei har også ein ekte snidbeting (sunnmørsbåt), som dei vil vise fram.

Det vil bli aktivitetar både utanfor og inne i sjølve Foreiningsbuda.

Festivalleiinga har leigt Kaffikari og under Trebaatfestivalen blir det servering både fredag og laurdag i det som tidlegare vart kalla «Johannessenbuda».

Tivoli og Eliaskøyring frå fredag til søndag

Startskotet for Trebaatfstivalen går altså torsdag. Då blir det politisk debatt i festivalteltet på Kulturalmenningen. Det blir opning av kunstutstilling i Galleriet Convexbygget, og Quiz med quismaster Magne J. Krumsvik.

Fredagen kjem med Kystmarknad frå Kulturalmenningen til Geileneset, bruktbu om bord i «Hindholmen», der folk kan ta med seg maritime gjenstandar dei vil selje. På garden til Johan Ottesen på Osnes blir det høve til å sjå på både fotoarkivet, gamle fotoapparat og musikkmaskiner.

Elles blir det Eliaskøyring, Blåtann på Blåhuset og gratis framsyning av filmen «Ishavsblod» på Sjøborg.

Steen og Moberg i festivalteltet

Fredag kveld blir det også skippermøte i møterommet Snorre på Quality Hotel Ulstein med foredrag og underhaldning. Same kveld går Fredrik Steen og Grim Moberg på scena i Festivalteltet med eit spesialsydd show.

Ifølgje Fredrik Steen er den eine av dei galen og den andre rape galen.

Steen og Moberg er gode bussar frå det norske standup-miljøet, og dei har turnert og showa i lag fleire gonger før, også i Ulsteinvik. Når dei kjem tilbake, byr dei på eit eksklusivt show for Trebaatfestivalen. For sjølv om dei to karane har samarbeidd før, blir dette showet ein eingongshappening. Det er ein viss sjanse for at lokalbefolkninga må tole spøkar med lokalt tilsnitt.

Endå litt seinare på fredagskvelden spelar Feel It opp til dans i festivalteltet.

Gratis frukost laurdag

Laurdag startar med gratis frukost for alle frammøtte i Festivalteltet. Ut over formiddagen blir det Eliaskøyring for dei minste på Sjøsida, skattejakt med Blåtann på Blåhuset og konkurranse om å lage den finaste trebåten. Det blir tivoli, ei mengde med utstillarar og aktivitetar både for born og vaksne, trebåt-race i Sauneselva og sjanse til å møte Ragnar Thorseth i møterommet Snorre på Quality Hotel Ulstein. Der skal han snakke om «Den fulle sanninga om nedturen, returen, roturen og neste tur!».

Tina Turner-show

Laurdag kveld byr også på Tina Turner-show i festivalteltet. Simply The Best er eit forrykande musikalsk show basert på Tina Turner sin musikk, framført av Christine Meyer.

Både songarar, dansarar og musikarar skal gje publikum ei stor musikalsk oppleving.

Siste post på programmet laurdag er dans med RadioHits.

Gudsteneste søndag

Søndag blir det utandørs gudsteneste på Borgarøy, og det er sett opp skyssbåt.

Tivoliet er i sving også denne dagen, og opning av Sykkelparken på Hofset er sett inn i programmet til Trebaatfestivalen.

– Det kjem til å bli nokre flotte dagar. Og vi er lova godt ver også, smiler festivalsjef Line Urke.

Fredrik Steen (bildet) og Grim Moberg har laga eit show spesielt til Trebaatfestivalen. (Arkivfoto). Foto: Ingvild Aursøy Måseide