Etter pausen torsdag skulle nok ein tidlegare medelev av Glen Børge Løset Flø forklare seg i lagmannsretten. Dette blei gjort via telefon.

Lars-Henrik Windhaug, advokaten til Glen Børge Løset Flø, byrja utspørjinga.

- Korleis var skulekvardagen hans?

- Det var om lag slik som det er dei fleste plassar, men det var dei gangane han fekk folk mot seg.

- Blei han jaga i skulegarden?

- Ja, det blei han. Han var flink til å terge på seg, trekke opp folk.

Vitnet fortel vidare at Løset Flø blei knuffa og dytta.

- Det var opp til fleire som var på han. Alt i frå 2 til 5 stykker.

Så spurde advokaten om vitnet hugsar konkrete episodar.

- Joda, fleire.

Sykkelen til Glen Børge fekk også hard medfart.

- Han fekk igjen for all ertinga han sjølv også heldt på med. Hemn kanskje.

- Skulen gjorde ikkje noko spesielt

- Hugsar du om skulen gjorde noko, eller sa noko om desse hendingane?

- Eg kan ikkje hugse at det blei gjort noko spesielt. Det var så mildt. Gjorde vi det ein gong, var det berre å gjere det igjen neste gong.

- Fekk du nokon form for straff for det du gjorde mot han?

- Nei ikkje eigentleg, berre kjeft til tider.

- Blei det sett i verk tiltak etter hendinga der han blei sperra inn mellom to fotballmål?

- Nei, det kan eg ikkje hugse om det blei.

- Blei det sett inn ressursar for å gjere noko med situasjoen til Glen Børge?

- Eg trur dei hadde ei viss aning om at det føregjekk noko kring han. Men eg sit igjen med kjensla av at dei ikkje såg spesielt stort alvor i situasjonen. Eg trur ikkje dei gjorde spesielt mykje.

- Korleis var det med deg, fekk foreldra dine vite noko om kva du hadde gjort?

- Nei.

Vitnet hugsar ikkje å ha fått konsekvensar mot seg på grunn av noko han hadde gjort med Glen Børge, og at foreldra hans ikkje visste om alvoret i det som blei gjort, via informasjon frå skulen.

Vitnet fortel også at det ikkje stemmer det kommunen hevdar, ved at mor til vedkomande var med i friminutta der vedkomande var i nærleiken av Glen Børge Løset Flø.

- Det var i så tilfelle i andre friminutt.

Mora føler ikkje skulen tok det alvorleg

Lars-Henrik Windhaug byrja med utspørjinga av mor til Glen Børge Løset Flø.

- Han var ein som allereie i barnehagen var glad i å springe, og oftast var raskare enn andre. Det gjorde nok at aggresjonen med andre fekk utlaup, og at det gjekk utover han, seier mora.

- Kjenner du godt til at han blei sparka, slått, plaga?

- Det kjenner eg veldig godt til.

- Kva tilbakemeldingar fekk de frå skulen i tilfelle der Glen Børge hadde vore involvert i noko, eller blitt plaga?

- Bort i mot ingenting. Vi fekk beskjed om at vi måtte ordne opp i villstyringen vår sjølv.

- Blei de tekne alvorleg, føler du?

- Nei. Vi fekk også beskjeden om at det var Glen Børge si eiga skuld.

Mora fortel at Glen Børge ofte kom ned på jobben hennar, og var stressa og redd.

- Vi drog så opp til rektor sitt kontor, og dei som hadde plaga han følgde etter oss inn som ein hale. Rektor klappa gutane på skuldra, og ba gutane om å ta kvarandre i handa, "shake hands", og leggje det som hadde skjedd bak seg.

- Hadde skulen nokon strategi saman med dykk om kva som skulle gjerast i forhold til situasjonen?

- Nei, han var i følgje skulen uromomentet, den som skapte alle situasjonane.

- Fekk de rapportar, journalar, som viste kva som skjedd, til dømes i forhold til at han skal ha fått hol i hovudet, at han brakk eit bein?

- Nei.

Ho fortel at tiltaka ho kan hugse er at dei som var med på å stengje han inn mellom to fotballmål blei nekta å vere med på ein skuletur ikkje lenge etter.

- Mest frustrasjon

KS-advokat Øyvind Reinslo tok så over utspørjinga. Han spurde mellom anna mora om eit møte med ein psykolog i privat regi, etter å ha blitt vist dit av PPT.

- Kvifor blei det ikkje meir enn dette eine møtet?

- Fordi vi fekk til tilbakemelding frå psykologen om at det ikkje var Glen Børge som var problemet, seier mora.

- Men har ikkje skulen gjort ganske mykje her då? Det blei vel gjort ein del tiltak? spurde Reinslo.

- Tiltak? Korleis kan ein seie det blei gjort tiltak når han stadig kom til meg på jobben min då? Når vaktene ikkje passa på, og at han blei banka i skulegarden?

Sakkunnig Trond Heir spurde så mora om kvifor ikkje Glen Børge var med på møtet med psykologen.

- Det hugsar eg ikkje.

- Var de sinte på skulen på den tida?

- Det var mest frustrasjon. Vi fekk alltid vite at det var med guten det var gale.

Skulle nytta dei rette verktøya

Så var det klart for far til Glen Børge å vitne. Advokat Lars-Henrik Windhaug byrja utspørjinga, men faren ønskte å seie nokre ord først.

- Eg har 40 års erfaring med å vere leiar for andre. Han er i følgje det eg veit gjennom mange år som leiar og menneskekjennar, ikkje fødd med nokon form for diagnose.

Han gjekk så vidare til å beskrive skulen.

- Eg opplevde at det byrja å skurre for Glen Børge allereie i første klasse. Eg er overtydd om at dersom dei rette verktøya hadde vore nytta tidleg i utdanningsløpet på barneskulen, hadde ikkje eg vore her i dag, seier faren.

- Vi hadde mange forslag, men vi fekk ikkje lagt føre oss ein strategi for denne klassen, og for Glen Børge.

- Tiltak då? Fekk Glen Børge og de støtte frå skulen si side, om at dei skulle kjempe mot dette?

- Nei, det kan eg ikkje seie at eg hugsar at vi fekk.

Windhaug spurde om brevet som faren sende til skulen då Glen Børge gjekk i 5. klasse, om at det måtte setjast i gong tiltak straks,

- Kvifor straks? spurde Windhaug.

- Fordi det som hadde vore forsøkt gjort ikkje hadde fungert.

- Hugsar du om det blei ført referat frå samtalar de hadde med leiinga på skulen?

- Nei, aldri.

- Problemet låg ikkje hos han

Faren blei også spurd om psykologbesøket, og han kunne i likskap med kona og mor til Glen Børge, bekrefte at psykologen konkluderte med at problemet ikkje berre var Glen Børge, men også dei andre gutane i klassen. Han blei også spurd om tarmsjukdommen og den alvorlege leversjukdommen Glen Børge fekk påvist etter eit legebesøk.

Så spurde sakkunnig Trond Heir same spørsmål til faren, som han stilte til mora.

- Kvifor var ikkje Glen Børge med til psykologen?

- Det hugsar eg ikkje no.

- De fekk sjansen til å halde fram hos psykologen, kvifor gjorde de ikkje det?

- Fordi psykologen meinte at problemet ikkje berre låg hos Glen Børge, men også hos dei som plaga han.

Sondre Hasvold, psykolog og sakkunnig for Glen Børge Løset Flø, var også til stades i salen. Han spurde korleis foreldra handsama Glen Børge heime.

Ein av lagdommarane spurde så Glen Børge om han følte at skulen tok han alvorleg.

- Eg følte det dei sa dei ville ta det alvorleg, men når dette fekk fortsetje i sju år, så klarer eg ikkje ta det seriøst.

Sakkunnig Heir spurde kva faren ville gjort om han hadde bestemt.

- Det er vanskeleg å seie. Men først og fremst ein person som veit kvar skapet skal stå. Sterkare verkemiddel, ordningar med separasjon mellom anna, sa faren.