Det blei dårleg med offisell utdeling av prisane for Årets Båt 2017 laurdag, men då tok arrangørane av Trebaatfestivalen like godt med seg premiane rundt til kvar enkelt vinnar. Magne J. Krumsvik hadde æra av å vere "speaker over ripa", då han vitja eigarane av flotte Samaritan og overrekte den gjevaste prisen av dei alle - æresprisen.

- Dette var verkeleg ei stor ære. Vi har lagt ned mykje arbeid på denne flotte båten, og meir skal det bli. Det er veldig kjekt å bli heidra med ein slik fin pris, sa Rolf Juliebø.

Rolf, sambuaren Anne Myklebust og sonen Bjørn Juliebø fortel at dei ikkje hadde forventa ein slik pris, då det var mange gode kandidatar fortøydd ved kaiene i Ulsteinvik under Trebaatfestivalen.

- De har oppfylt kriteria for årets ærespris - og vel så det, sa utdelar Magne J. Krumsvik.

Kriteria for å kunne ta i mot Trebaatfondets ærespris er:

- Båten er eigd av ei foreining eller ei stifting

- Båten er ikkje støtta av Riksantikvaren

- Det vert vektlagt at tilskot vert brukt til tiltak som aukar bruksverdien til båten

- Det vert vektlagt at tilskot vert fylgt opp med eigeninnsats om bord

- Det vert vektlagt at båten er i aktiv bruk

Trebaatfondet er ei vidareføring av midlar frå Ullaholm Båtklubb og Trebaatfestivalen Ulsteinvik.

Storeggen blant dei andre vinnarane

Det var også andre båtar som blei premiert.

Mest originale dekksbåt: Storeggen

Best bevarte dekksbåt: Farmann

Best bevarte open båt: Seksring

Mest originale open båt: Hilde