Han er opphavleg frå Dimna, Leif Klokk. Ølbryggjaren som byrja på hobbybasis, men som i dag driv eit suksessfullt mikrobryggeri med base i hovudstaden. I helga var han på besøk hos venar på Folk Spiseri, der han selde mykje av ølet sitt frå eigen stand, til dei som kom innom spiseriet under Trebaatfestivalen.

Frå olje til øl

Klokk & co starta han saman med sambuaren Kristine Lund og ein god kamerat, Håkon Thomas Olsen. Men det hadde ikkje blitt ølbransjen på Leif no, om det ikkje hadde vore for at han i fjor fekk ei stor utfordring. For i likskap med heimregionen, fekk også Leif merke den tøffe tida innanfor den oljerelaterte bransjen.

- Eg jobba med kontraktsforhandling på land, i oljeserviceindustrien. Så fekk eg den tunge beskjeden om at eg ikkje fekk behalde jobben min, og blei nøydd til å finne meg noko anna å gjere. Det var då eg tenkte eg kunne prøve dette eg berre hadde gjort som ein hobby i fleire år, på heiltid.

Gode tilbakemeldingar blei til eige firma

Leif fortel at han har bryggja øl i fleire år på privaten, men at ideen om å starte noko sjølv blei tent då han fekk gode tilbakemeldingar frå venar og kjende, då han serverte øla si i private lag.

- Folk sa til meg at eg burde starte noko for meg sjølv. Eg tenkte at nei, det kunne eg ikkje. Det var jo så enormt mange andre bryggeri kring om i landet, og dette med mikrobryggeri var veldig i vinden. Men så snudde eg litt igjen, og saman med sambuaren min og ein god kamerat kom vi i gang i fjor haust, fortel Leif Klokk.

Kameraten jobbar framleis innanfor oljeindustrien, men hjelper til så ofte han har moglegheita til det. Leif jobbar i dag med ølbrygging på heiltid, og mikrobryggeriet har også slått seg stort opp på å lage spesiallaga øl til arrangement som bryllaup og firmafestar, der kundane til dømes kan få spesialdesigna logo på flaskene.

Avtale med Norgesgruppen

Ting har gått veldig raskt sidan oppstarten. Faktisk så raskt at Leif nesten ikkje kan fatte kor kjapt ting har skjedd.

- Det har vore eit hektisk år. Vi fekk ganske raskt i hamn ein avtale med Norgesgruppen, i november i fjor. Så fekk vi på plass ein avtale i forlenging av den andre, med Asvo, om distribusjon av ølet vårt rundt om i landet, og sidan har det gått slag i slag, seier Klokk.

Mikrobryggeriet har i dag fire øl-variantar som er å finne i matvarebutikkane inn under Norgesgruppen. Dette gjeld Kiwi, Meny, Spar, Eurospar og Joker.

- Vi kan levere til heile Norge. Og så leverer vi til Spar på Straumane då, det er ekstra stort for meg, som kjem frå Dimna, seier Leif Klokk og smilar.

Leif serverte mange øltørste kundar under Trebaatfestivalen. Han stod med eige bord og tappekraner ved serveringa til venar av han, som driv Folk Spiseri i Ulsteinvik. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.