På tomta som stikk ut som ei tunge mellom Prost Ankersgate og Vikebakkvegen er det utarbeidd eit privat framlegg til detaljregulering. Planen er å byggje ei fire etasjar høg blokk, med leikeområde og uteområde på tomta.

I juni i fjor gjorde teknisk utval i Ulstein kommune ei førehandsvurdering av prosjektet, der dei gav signal om at arbeidet med detaljreguleringa kunne starte. Samstundes påpeikte dei at dette området, like oppfor Ulsteinvik barneskule og Ulstein skule, er eit område som har hatt utfordringar med biltrafikk, særleg rundt skulestart. Tilstrekkelege frisiktsoner må sikrast, påpeikte dei.

12-14 bustader

Grunnen er 2,1 daa og i privat eige. Tiltakshavar finn at det er etterspurnad etter sentrumsnære bustader i Ulsteinvik, heiter det i sakspapira til teknisk utval. Området er regulert til frittliggande småhusbusetnad, men Ulstein Betong Constructer As ønskjer å utvikle eit leilegheitsbygg med bustader i ulike storleik innan planområdet. Ulstein Betong Constructer AS står som tiltakshavar. Planarbeidet er utført av AG Plan og Arkitektur med Kåre Gjengedal som fagansvarleg.

I planomtalen står det er at det blir 12-14 bueiningar, men i føresegnene er det sagt 10 bueiningar.

Der skal også etablerast ein nærleikeplass for dei minste borna, søraust for bustadblokka. Leikeplassen skal sikrast mot vegen og parkeringsplass og få naudsynte støyskjermingstiltak.

Naboane protesterer

Det har kome inn sju merknader til planane. Den eine merknaden er eit brev frå naboane der dei protesterer på planane. Brevet har 20 underskrifter. Naboane meiner bustadblokka vil vere eit framandelement både estetisk og miljømessig i det etablerte bumiljøet i området. Dei meiner ein ut frå reguleringsplanen kan byggje bustader med 2-4 einingar for å fortette bustadbygginga nær sentrum, men ikkje ei blokk på fire etasjar med så mange bustader.

Om kommunen tillét denne utbygginga er dei redd det vil skape presedens for andre slike inneklemte tomter i etablerte bustadområde.

- Ulstein kommune bør gjennom heilheitleg planlegging av sentrumsområdet styre utbygginga slik at ein både kan bevare dei eksisterande bumiljøa på ein god måte, og skape nye trivelege bumiljø, skriv dei.

Dei er også redd den nye bustadblokka vil gjere trafikktilhøva verre. Ulstein kommune har i mange år hatt store utfordringar med trafikken i skuleområdet. Det har vore mange drøftingar om kva som skal gjerast for å auke tryggleiken.

Til offentleg ettersyn

Kommuneadministrasjonen rår til at planane blir lagt ut til offentleg ettersyn. Det blir foreslått at høgda ikkje skal overstige kote 63,5 meter og for tilbaketrekt toppetasje må volumet vere oppdelt i minst to åtskilde bygningsdelar. Det blir også foreslått diverse andre føresegner, som nedgrave avfallsløysing og før utbygging blir sett i verk skal tiltakshavar avklare med kommunen om feltet skal byggjast ut gjennom utbyggingsavtale.

Planomtale må stemme overeins med føresegn og plankart.

Opp i teknisk utval torsdag

Teknisk utval skal handsame saka førstkomande torsdag. Det står i møteinnkallinga at det er mogleg dei tar ei synfaring til tomta før dei handsamar saka.