Frå politiloggen

Ville hestar, laus hund og fyll

Natt til sundag vart ein rusa mann bortvist frå ein utestad i Hareid.

I Fosnavåg vart ein mann meldt for urinering på offentleg stad, same natt.

I åttetida sundagsmorgonen melde poltiet at det var fire hestar på riksvegen på Bigset. Dei kom i kontakt med eigaren, som henta hestane sine.

Sundag melde politiet også om ein større kraftig hund i Ulsteinvik som sprang rundt i sentrum og uroa trafikken.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: