Dei første valdagsmålingane er klare, og det er blanda kjensler både på Kaffibaren i Ulsteinvik, der Ulstein sine politiske parti er samle til valvake, og på Melshorn Hotell på Hareid, der Hareid sine politikarar er samla. Somme kjenner på stor glede, medan andre nok er ganske skuffa over resultatet så langt.

Sjå oppdaterte resultat her.

Førehandsstemmene viser at Høgre og dei andre borgarlege partia sikra seg 88 mandat, tre over kravet, medan Arbeidarpartiet og dei andre partia fekk 81 mandat. Det er framleis stemmer igjen å telje, og ting kan endre seg. Men det brukar å vere ein god peikepinn på korleis valet blir til slutt.

- Vi må seie oss fornøgd med dette så langt. 31, 5 prosent oppslutnad for Framstegspartiet i Hareid er meget bra, seier Jeanette Teigene i Hareid Framstegsparti.

- Veldig spennande

Annika Brandal i Hareid Venstre er meir spent, då Venstre ligg og vippar nasjonalt, så vidt over og under sperregrensa på fire prosent.

- Dette er først og fremst førehandsstemmene, og det vil gje ei viss føring. Men vi får håpe Venstre-veljarane stemte sterkt på valgdagen, og at det vippar litt opp. Vi får håpe at Møre og Romsdal sin førstekandidat for Venstre, Pål Farstad, får halde fram med utjamningsmandat eller får mandat. 0,1 prosent kan faktisk gjere at det svingar opp eller ned for oss, med tanke på mandat. Dette blir veldig spanande, seier Brandal.

Nøgd ordførar

Hareid-ordførar Anders Riise er til stades under valvaken til NRK Møre og Romsdal i Ålesund, og fortel til Vikebladet Vestposten at han er godt nøgd med dei første resultata.

- Ein fantastisk god start. Høgre brukar å gjere det sterkt på valdagen, så eg trur framleis vi har ein sjans på tre mandat i Møre og Romsdal, seier Anders Riise.

Tre mandat betyr samstundes at Anders Riise blir første vara til den tredje representanten, og kan dermed få seg nokre turar til Stortinget.

For oppdaterte resultat frå valdagen, sjå her.

Klokka 21.00 såg tala slik ut nasjonalt:

88 mandat til dei borgarlege partia, 81 til dei andre.

Arbeidarpartiet - 27,3 prosent (50 mandat)

Høgre - 26,2 prosent (49 mandat)

Framstegspartiet - 15,7 prosent (29 mandat)

Senterpartiet - 9,4 prosent (17 mandat)

Sosialistisk Venstreparti - 5,7 prosent (11 mandat)

Kristeleg Folkeparti - 4,0 prosent (3 mandat)

Venstre - 4,0 prosent (7 mandat) * Rett over sperregrensa, tilbake 2 mandat

MDG - 3,3 prosent (1 mandat)

Raudt - 2,6 prosent (1 mandat)

For oppdaterte resultat, sjå her.

I Ulstein såg tala slik ut:

  • Framstegspartiet 29,0%

  • Høgre 28,9%

  • Arbeidarpartiet 15,3%

  • Kristeleg Folkeparti 8,8%

  • Senterpartiet 7,8%

  • Sosialistisk Venstreparti 3,6%

  • Venstre 2,9%

  • Miljøpartiet De Grønne 1,8%

  • Partiet De Kristne 0,9%

  • Raudt 0,4%

I Hareid såg tala slik ut:

  • Framstegspartiet 31,5%

  • Høgre 24,0%

  • Arbeidarpartiet 15,7%

  • Senterpartiet 11,1%

  • Kristeleg Folkeparti 6,2%

  • Venstre 4,1%

  • Sosialistisk Venstreparti 3,9%

  • Miljøpartiet De Grønne 1,7%

  • Raudt 0,9%

I Møre og Romsdal såg tala slik ut:

  • Framstegspartiet 24,3%

  • Høgre 22,6%

  • Arbeidarpartiet 21,0%

  • Senterpartiet 12,4%

  • Kristeleg Folkeparti 6,4%

  • Sosialistisk Venstreparti 3,6%

  • Venstre 3,2%

  • Nordmørslista 2,1%

  • Miljøpartiet De Grønne 1,9%

  • Raudt 1,1%

God stemning på valvaken til dei politiske partia i Ulstein, på Kaffibaren i Ulsteinvik. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.