- Dette var veldig, veldig kjekt. Eit historisk godt val for Framstegspartiet i Hareid kommune, seier Jeanette Teigene.

Det kan også tidlegare stortingsmann Oskar Grimstad bekrefte, i følgje Teigene.

Ein del lågare resultat fekk Venstre i Hareid kommune, med 3,8 prosent av stemmene.

- Det er ikkje så sterkt som vi hadde håpa på, men eg vil takke alle som har stemt Venstre i denne valkampen, seier Annika Brandal i Hareid Venstre.

Slik ser tala for Hareid kommune ut etter at 95,1 prosent av stemmene er talde opp:

  • Framstegspartiet 31,6 %

  • Høgre 25,9 %

  • Arbeidarpartiet 16,5 %

  • Senterpartiet 9,1%

  • Kristeleg Folkeparti 6,8 %

  • Venstre 3,8 %

  • Sosialistisk Venstreparti 3,4 %

  • Miljøpartiet De Grønne 1,4 %

  • Raudt 0,8 %

  • Partiet De Kristne 0,5 %

  • Pensjonistpartiet 0,2 %

  • Liberalistene 0,1 %