Stortingsvalet 2017

I dag er dagen

Rekordmange har førehandsrøysta til årets stortingsval, men i dag er sjølve valdagen.

I dag er det siste sjansen for å røyste til dette valet. Du har fått valkort i posten, men om du ikkje hugsar å ta det med til røystelokalet er det ikkje så farleg. Men du må hugse å ta med gyldig legitimasjon med namn, fødselsdato og bilete.

I dag kan du berre røyste i den kommunen der du var folkeregistrert den 30. juni i år. Det blir høve til å røyste på rådhusa i Ulstein og Hareid. I tillegg er det røystelokale i krinsane: Bigset, Brandal, Hjørungavåg, Flø, Ulstein, Haddal, Eiksund, Hasund og Dimna.

Godt val!

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: