Sverre Sylte var ein av dei som nytta formiddagen på valdagen i går den 11. september til å avlegge stemmelokala i kommunestyresalen på Ulstein rådhus ein visitt.

– Eg har stemt i alle år, seier Sylte som fortel at han ikkje har sluntra unna eit einaste val.

– Det er viktig å ta del i valet, kvar stemme tel, slår han fast.

Også i år han har følgd med på valkampen, men det er ingen av året saker som har engasjert han noko meir enn vanleg.

Sverre har elles nett komen heim frå langtur, han har vitja bror sin i Canada og kom heim for ei veke sidan.

– Eg rekna med å kome meg velberga heim, så eg tok ikkje bryet med å røyste på førehand, smiler han.

Mange var tidleg ute på valdagen

Då vallokala på rådhuset i Ulsteinvik opna dørene klokka ni måndag, hadde det allereie samla seg ein liten flokk ivrige veljarar som var klare til å avgi sine stemmer til årets stortingsval.

– Det plar kome ein del på formiddagen, så roar det seg litt. Når folk er ferdig på jobb vert det ein ny topp. Det vert ein liten pause, men når folk har fått i seg middagen kjem det ei ny bølgje som skal stemme, fortel Knut Johan Rønningen som er leiar i røystestyret for Ulsteinvik krins.

Han har vore valfunksjonær i godt over tjue år og kjenner godt til detaljane rundt gjennomføringa av både kommuneval og stortingsval.

– I år er vi alt 22 valfunksjonærar i sentrumskrinsen, i tillegg til funksjonærane rundt om i dei seks andre valkrinsane, Flø, Ulstein, Hasund Dimna, Haddal og Eiksund, fortel Rønningen.