Litt før klokka halv eitt på tirsdagsnatta blei den nye Mørebenken presentert på NRK Møre og Romsdal si direktesending frå valvaken i Ålesund. Der stod dei tre stortingsrepresentantane frå Møre og Romsdal Høgre klare, ein rutinert og to nye.

For saman med den rutinerte 1. kandidaten Helge Orten stilte Marianne Synnes og Vetle Wang Solheim seg opp, høvesvis 2. og 3. kandidat. Begge er no inne på Stortinget for fyrste gang. Og nettopp det at Wang Solheim kjem inn på Stortinget på Høgre sitt tredje mandat, er svært positivt for Hareid-ordførar og 4. kandidat Anders Riise.

- No er nok dette ca. 99,9 prosent sikkert, sjølv om alle stemmene ikkje er talde enno. Det betyr at eg nok ganske så sikkert får møte på Stortinget frå tid til anna, og der skal eg tale Søre Sunnmøre si sak, seier ein veldig glad Anders Riise til Vikebladet Vestposten.

Takksam

- Dette er verkeleg ein "høydare" for meg. Det er stor forskjell på å vere 2. vara for andrekandidaten og å vere 1. vara for tredjekandidaten. Eg vil nytte høvet til å takke alle lokalforeiningane på Søre Sunnmøre for det store arbeidet dei har gjort i denne valkampen. Eg skal betale tilbake med stort engasjement for Søre Sunnmøre, og eg skal snakke heile regionen si sak, på ein god måte.

Riise fortel at det har vore knalltøff jobbing gjennom ein lang valkamp som har gitt resultat.

- Heilt klart. Det har kravd store ressursar og mykje eigeninnsats frå veldig, veldig mange. Dette blei ikkje gjort dei siste to vekene. Dette er eit arbeid som har blitt gjort over mange månadar. Det hr vore mykje jobbing, og store ressursar og eigeninnsats frå veldig, veldig mange. Dette er arbeid vi har gjort over mange månadar. No skal eg og dei andre vise oss tilliten verdig, seier Anders Riise avslutningsvis.

Anders Riise (midten) er ikkje berre Hareid-ordførar, han var også 4. kandidat for Høgre i Møre og Romsdal, og blir no 1. vara for 3. kandidat Vetle Wang Solheim. Foto: Privat.