Nordvestklinikken legg vekt på sjøfarts- og offshore-medisin, og legane Håvard Ramsli og Torstein Bjørndal kan mellom anna levere ulike typar helseattestar.

Bedriftshelse 1 er den største lokalt forankra bedriftshelsetenesta på Vestlandet, med eit dekningsområde frå Ulsteinvik i nord til Odda i sør. Dei er ein del av eit landsdekkande nettverk, som gjer at tilsette i bedriftene kan få hjelp der dei treng det.

Nordvestklinikken held til på Stålhaugen i Ulsteinvik, og snart flyttar Bedriftshelse 1 inn i same lokala. Det er to sjølvstendige aktørar som no innleier samarbeid i forhold til bedriftsmarknaden.

– Det nye samarbeidet vil styrke både Nordvestklinikken og Bedriftshelse 1, uttaler Mimmi Kvalsund Ulstein i ei pressemelding.