Ein mann døydde etter ei drukningsulukke på Hareid onsdag ettermiddag.
            (Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.)

Ein mann døydde etter ei drukningsulukke på Hareid onsdag ettermiddag.Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Mann erklært død

Ein mann er erklært død etter at han vart henta opp frå sjøen i hamneområdet på Hareid.

Ein mann i 60-åra døydde i ei drukningsulukke på Hareid onsdag ettermiddag. 

Naudetatane rykte ut til hamneområdet i sentrum i 15-30-tida etter melding om ein mann i sjøen.

Mannen vart henta opp av sjøen, men vart etter ei tid erklært død av helsepersonell på staden.

I følgje politiet er det uklart kva som gjorde at mannen hamna i sjøen, men video frå overvakingskamera på staden blir no sjekka.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: