Hareid kommune har prata om eit helsehus i mange år. Sist veke skjedde det endeleg noko: kommunestyret avgjorde kvar huset skal byggast.

Helsehusprosjektet har vore ein langdryg og omstendeleg prosess som har vart i fleire år. I oktober i fjor sa til dømes Oskar Grimstad, Frp, at helsehuset må kome på plass snarast råd og at det handlar om utvikling av Hareid sentrum. Det vert i alle fall hausten 2019 før huset er ferdig.

I februar i år hadde politikarane tydelegvis mista tolmodet: dei forkasta prosjektet som offentleg og gjekk i staden for privat utbygging.

Og når det først skjer noko i saka, skjer det veldig raskt. Papira vart sende ut tysdagskvelden og to dagar etterpå vart tomtevalet behandla av både formannskap og kommunestyre på same dag. I tillegg var ikkje prisen på dei ulike tomtealternative offentleg, etter ønske frå nokre av tilbydarane. Berre prisen på tomta som vart vald, er offentleg: 10.5 millionar kroner. Men Vikebladet Vestposten kjenner til at kvadratmeterprisen for dei ulike tomtene låg på mellom 2.500 og 4.000 kroner, noko som er svært høgt for Hareid sentrum.

Hastverk og hemmeleghald er ofte ingen god kombinasjon. Det fører gjerne til snakk og spekulasjonar når innbyggarane ikkje får vite kva grunnlag politikarane har gjort vedtaka på. Det er forståeleg at det skaper reaksjonar.

Håpet no må vere at kommunen unngår for mykje støy rundt tomtevalet, sidan plasseringa av helsehuset er endeleg avgjort av dei folkevalde. Innbyggarane bør i staden konsentrere seg om kva huset skal innehalde, for allereie på møta i oktober skal kommunepolitikarane sjå på arealbehov og innhald.