Ulstein brannvesen har gjennomført branntilsyn i Selvågtunnelen og avdekt avvik. Branntekniske tilhøve i tunnelen er mangelfull, men omsyn til den trafikken som på er på fylkesvegen, står det rapporten.

SOS-skap

Statens vegvesen har ein plan om å utbetre tunnelen innan 2020, men innan utgangen av 2017 må dei ha på plass SOS-skap. I sommar var det bilbrann i Eiksundtunnelen. Då fekk personar på staden sløkt bilbrannen før brannvesenet kom ved å bruke eit slikt SOS-skap. Personar på staden hadde heile tida kontakt med, og fekk bistand av brannvesenet. Så slike skap må kome i Selvågtunnelen også.

Brannvesenet vil følgje utviklinga tett. Om det ikkje er på plass tilstrekkelet med slike skap innan fristen vil dei vurdere pålegg.

Statens vegvesen må også utarbeide ein beredskapsanalyse, for det manglar.

Til trass for store feil og manglar har Ulstein brannvesen eit positivt inntrykk av brannsikkerheitsarbeidet for Selvågtunnelen.