– Eg har aldri tenkt meg at tømmeret kunne vere så gamalt, seier Rune Ulfstein.

Han peikar på den eine kortveggen, der det er rissa inn Ano 1635 fleire plassar i trevirket.

– Eg visste at det var liggande tømmer bak bordkledninga, men dette var heilt uventa, seier Ulfstein.

I tillegg til årstalet 1635, er det rissa inn ei rekkje bokstavar, som truleg er initialar.

Bakeriet

Eigedomen i Kyrkjegata 20 er barndomsheimen til Rune Ulfstein. Han tok over husa i 1980.

– Ein ålesundar som heitte Kristiansen eller Kristensen leigde denne tomta på Geileneset. Her på øya var det lite skog, så han kjøpte eit tømmerhus i Romsdalen som han fekk frakta hit sjøvegen, fortel Ulfstein.

Huset står framleis og er altså barndomsheimen hans.

Det andre huset på tomta, det vesle huset i hagen, har vore brukt til uthus, men har ei meir spennande forhistorie.

– Ja, eg kallar det berre for Bakeriet, seier Ulfstein.

For i perioden 1865 til 1917 var det bakeri i huset. Det første bakeriet i Ulsteinvik hadde ein stor steinomn i eine enden og store vindauge for å sleppe inn mest mogleg dagslys.

Frå Bjørkedalen

Uthuset eller Bakeriet stammar frå Bjørkedalen i Volda. Dette vart sett opp i hagen og forlenga bakover.

– Då fekk heile huset ny bordkledning, så desse gamle tømmerveggane har ikkje vore synlege før no, fortel Ulfstein.

I den bakarste delen var det ein stor steinomn, og i huset var det bakeri i fleire tiår. Og det er på desse veggane det overraskande årstalet no har dukka opp.

– Eg kan sjølvsagt ikkje vite heilt sikkert at tømmeret er så gamalt, men kvifor skulle dei elles skrive årstalet 1635 fleire plassar?, spør Ulfstein.

Husa kom inn i Ulfsteinfamilen då oldefaren til Rune, Rasmus, kjøpte eigedomen i 1882.

– Han kom frå Huslagarden på Ulstein og var utdanna lærar. Han var den første styraren i Ulstein Forbruksforening, den første butikken her i Ulsteinvik, fortel Ulfstein.

Oldefaren starta med landhandel i første etasje i bustadhuset, og leigde Kristoffer Larsson Moltu til å drive bakeriet i hagen. Etter kvart tok eldste sonen, Ragnvald Ulfstein, som er Rune sin bestefar, over butikken i første etasje.

– Eine broren til bestefaren min, Gerhard, starta som bakarlærling her då han var fjorten år. Han bygde seinare hus på nabotomta og hadde utsal av bakarvarer i første etasje. Varene vart bakte i Bakeriet heilt til elektrisiteten kom til Ulsteinvik rundt 1917. Då kjøpte Gerhard elektrisk bakaromn, seier Rune Ulfstein.

Etter kvart tok sonen til Gerhard, Josef, over. Og til slutt: sønene til Josef, Reidar og Jan, dreiv bakeri til langt utpå 1980-talet.

Det heile starta altså i det vesle huset i hagen, som har tømmerveggar i furu.

Ny bordkledning

Det vesle huset var no ifølgje Rune Ulfstein overmode for anten riving eller restaurering. Han valde det siste og målet er å halde fram med å bruke det som uthus.

Dersom årstalet er reelt, har Ulfstein avdekt tømmerveggar som er 382 år gamle.

Om nokre dagar skal det spikrast på ny bordkledning og setjast inn dør og vindauge.

– Fronten har vore øydelagd lenge. Eigentleg burde desse tømmerveggane ha fått vore synlege, men det går nok diverre ikkje, seier Ulfstein.