Den offentlege søkjarlista til stillinga som leiar av det interkommunale barnevernet i Volda, Ørsta, Ulstein, Hareid og Hornindal er lagt ut på Volda kommune sine nettsider.

Der kjem det fram at det er seks søkjarar til stillinga, fem kvinner og ein mann. To av søkjarane har bedt om at namna deira ikkje blir offentleggjort.

Tre av søkjarane som er offentleggjort er busett i Ulstein kommune.

Desse har søkt:

Aina Øyehaug Opsvik, 53, fagteamleiar. Busett i Ørsta.

Sarah Naomi Reite, 22. Busett i Haddal.

Christine Larsdotter Vaagen, 50, NAV Herøy. Busett i Ulsteinvik.

Iselin Eliassen Aske, 38, Mottaksleder Hareid EMA mottak. Busett i Ulsteinvik.