Torsdag ettermiddag hadde ni år gamle Arthur Pettersson Kieffer frå Flø ei litt spesiell oppgåve: han hjelpte Kong Harald med å opne bølgjekraftverket i Herøy.

Saman med resten av femteklassa på Ulstein skule deltok Arthur i ein teiknekonkurranse, der oppgåva var å teikne framtidas bølgjekraftverk.  Av 100 teikningar vart teikninga frå Arthur kåra som vinnar.

Premien var å få møte Kongen.  I tillegg frå klassa hans 10.000 kroner i premie.

I bildeserien ser du bilda far Jimmy Kieffer tok under folkefesten i Fosnavåg.