Ulstein Senterparti støttar innbyggjarinitiativet for å la løa på Skeide stå, og håpar på fleirtal for sitt syn på kommunestyremøtet i kveld.

Innbyggjarinitiativet «Nei til riving av løde på Skeide» har samla 404 underskrifter. For å få ei sak opp i kommunestyret er kravet at minst 2 prosent av innbyggjarane står bak. Det vil i Ulstein seie 166 underskrifter, såleis skal saka opp på kommunestyremøtet i Ulstein i kveld.

I desember 2015 vedtok Ulstein kommunestyre utbygging av alt ubygd areal i samsvar med detaljregulering for Skeide. Utbygginga skulle skje gjennom frivillige avtalar.

Hausten 2016 vedtok kommunestyret at rådmannen gjennomfører grunnkjøp der pris og andre vilkår blir avklare. Og det vart opna for at det kan vere aktuelt med oreigning om partane ikkje kjem til semje. Men før kommunen går til eventuell oreigning, skal det opp som sak i kommunestyret igjen.

I sommar skreiv Vikebladet Vestposten om Robert Skeide og familien som gjerne vil behalde løa si. Men etter vedteken plan skal denne løa rivast og gje plass til om lag 20 leilegheiter.

– Heile tunet her på garden vil bli rasert dersom løa blir riven. Eg treng løa blant anna til å lagre traktor og anna reiskap som eg brukar til å halde marka i hevd. Viss eg ikkje kan gjere det, vil her fort bli krattskog, kommenterte Robert Skeide til lokalavisa. Han reagerte også på at det er familien som skal betale for å rive løa.

Støttar Skeide

Saka blir lagt fram i kveld utan tilråding frå administrasjonen. Men Ulstein Senterparti foreslår for kommunestyret at delen der den omtalte løa står blir tatt ut av reguleringsplanen. Det gir grunneigar moglegheit for framleis bevare det verna området som i dag.

Lisa Mari Breivik Anderson fortel at dei har fått svar frå Arbeidarpartiet og SV, som støttar dei i denne saka.  Framstegspartiet og Høgre har svara at dei ikkje støttar SP.

– Kvifor vil de ikkje rive løa?

– Det er faktisk litt personleg. Me kan tenkje oss korleis me sjølve hadde reagert om det gjaldt oss. Det er urettferdig at familien må ta kostnadene med å rive løa sjølv. Og dei skal framleis halde ved like ei verna mark, men dei må rive huset der dei lagrar utstyret sitt, svarer Anderson.

Ho legg til at for Senterpartiet er det også viktig å høyre på folk. Dette er ei sak som opptar mange.

Sjølv om ei eventuell oreigning uansett skal opp i kommunestyret først ønskjer ho å signalisere alt no til familien at løa får stå.

– Behalde roa

Ordførar Knut Erik Engh (Framstegspartiet) foreslår for kommunestyret at dei førebels tar innbyggjarinitiativet til vitande. Så ber ein administrasjonen arbeide vidare med å få på plass ein frivillig avtale med grunneigar, slik kommunestyret har bede om tidlegare.

– Eg synest det er viktig at saka blir lagt fram til politisk handsaming no, både for familien og for alle som har engasjert seg i denne saka med underskrifter. Men eg har ikkje endra standpunkt. Eg håpar og trur me vil kome fram til ein frivillig avtale og få til utbygging på Skeide, noko som kjem flest mogleg til gode, seier Engh til Vikebladet Vestposten.

Han meiner politikarane ikkje bør gripe inn i prosessen som no går føre seg. Han har tru på at ein kan kome til ei minneleg løysing, sjølv om løa blir rive.

I 2008 skreiv Robert Skeide brev til kommunen der han skreiv at løa var i så dårleg stand at ho truleg må rivast. Og i 2014 skreiv han til kommunen at det kunne vere aktuelt å erstate løa med å setje opp eit mindre bygg til utstyret dei treng for å vedlikehalde jorda.