I staden for å vere med i Operasjon Dagsverk har Ulstein vidaregåande skule dei siste åra vald å vere med i eit fireårig prosjekt for å byggje skular i Etiopia. Men prosjektet vart ikkje heilt ferdig på desse fire åra, så i vår vedtok skulane å gjennomføre Operasjon Etiopia eit år til, for å sluttføre prosjektet. Pengane dei jobbar inn fredag 29. september skal gå til å byggje ferdig administrasjonsbygget, steinlegging på skuleområdet og materiale og utstyr til laboratoriet.

Lisa Mari Breivik Anderson som er prosjektleiar på Ulstein vgs. for dette prosjektet fortel at leirjorda på skuleområdet blir veldig gjørmete i regntida, noko som fører til at dei dreg med seg mykje skit inn i bygningane som fører til slitasje, difor er det lurt å steinlegge området.

Gjer det mogleg å studere

Pengane som skuleelevane på Sunnmøre samlar inn går berre til bygg og utstyr, ikkje til drift av skulen.

Arba Minch er eit fattig område. Det er ein privatskule som blir drive i lokala, med mange elevar. Ein del av elevane som går der har fått stipend som gjer det mogleg for dei å gå på skule.

– Det er ein veldig bra skule, og dei har vist gode resultat, seier Anderson. Ho fortel at tidlegare var det ingen i dette området som kom inn på universitetet, for dei hadde ikkje gode nok vidaregåande skular. Ved å byggje denne vidaregåande skulen blir det mogleg for fleire etiopiske ungdomar å ta høgare utdanning.

– Bra å hjelpe med skule

Nathalie Larsen Moldskred og Frida Eirin Voldnes har tru på at det er rett å hjelpe eit land ved å gjere det mogleg for å folk der å ta utdanning.

– Det er bra at dei får utdanning. Eg trur det er bra for eit land som slit, seier Moldskred.

– Eg er veldig for å hjelpe folk der dei er. Å byggje skule for å hjelpe eit land trur eg er rett måte å gjere det på, seier Voldnes.

Dei to elevane skal bruke haustferien sin på å reise nedover til Etiopia. Dei gler seg og er spente på kva dei får oppleve. Dei reiser i lag med lærar Veronika Bonaa og representantar frå Spjelkavik og Sykkylven.

Dei reiser onsdag før haustferien og kjem heim sundagen ei og ei halv veke etterpå.

For å få reise måtte dei skrive ein søknad, så vart dei intervjua, og så vart dei som var vart vurdert til mest eigna plukka ut.

Tett program

Det norske reisefølget får ein dag i Addis, der dei skal besøke ein barneheim for born og einslege mødrer. Medan borna blir passa, får mødrene opplæring i eit yrke. Dette er eit prosjekt starta av ein norsk dame.

I Arba Minch får dei vere med på høgtidleg opning av det som er nytt av skulebygg sidan sist haust, då ein annan delegasjon frå Sunnmøre var på besøk. Dei skal også vere med på ei gudsteneste i ei kyrkje som er knytt til skulen, og dei skal heim til mange i Etiopia.

Desse dagane vil vere fulle av inntrykk.

Refleksar og pennar

Dei tre som reiser har avgrensa med plass i bagasjen, men dei vil ta med nedover litt gåve ri form av klede, leikar og utstyr.

Mellom anna vil dei ta med seg pennar og refleksar til elevane. Dei etiopiske borna har lite, og dei blir glade for slike nyttige gåver, og det er fint å gje noko til alle.

No håpar dei at det lokale næringslivet tar imot skuleelevar som treng jobb til Operasjon Etiopia 29. september.

Nytt bygg: Dette tre etasjar høge bygget stod ferdig hausten 2016. No samlar elevane inn pengar for å fylle det med utstyr. Foto: Ingvild Aursøy Måseide