Den store kåringa går av stabelen 12. januar 2018. Det Norske Måltid har som føremål å synleggjere bredda av matproduksjon og dei unike råvarene som blir produsert i Norge.

Gjennom finalen i Det Norske Måltid kårar ein dei beste matprodukta i Norge. Kåringa er landets viktigaste og mest prestisjefylde prisutdeling innan mat og drikke.

Her er altså ein fabrikktrålar med røter på Vartdal, og no base i Ålesund, nominert. I kategorien Årets sjømat - villfanga, finn ein Ramoen, med sine beinfrie porsjonsfiletar av sjøfryst torsk. Dei to andre finalistane i kategorien er piggvarfileten til Reinhartsen i Vest-Agder og brettpakka langeloins frå Domstein Sjømat AS avdeling Stavanger.