Onsdag førre veke inviterte stiftinga Live Åtte til eit møte på Ulstein rådhus, der stiftinga sitt arbeid i Nepal vart presentert. På møtet var også Dewan Pramila, stiftinga si administrasjonsleiar i Nepal, samt Liv Meisingset, som har arbeidd i mange år for å betre tilhøva for utviklingshemmingar i Nepal.

Også avlasting i heimen

– Frå at dette var eit privat arrangement som eg tok initiativ til vart prosjektet teke inn i Live Åtte stiftinga, der eg seinare vart styreleiar. Der har vi fått eit veldig sterkt styre og det er utruleg positivt at vi har med så mange kreative og visjonære menneske som vil vere med, i tillegg til meg som har det personlege engasjementet, fortel Eli Skaatun.

Gjennom stiftinga har ein jobba med å få på plass og drifte ei avlastingsheim for utviklingshemma i Nepal, men i det siste har det også blitt endringar i prosjektet.

– Styret har teke tak i dette med avlastingsleilegheiter, men det har også kome fram at foreldra i like stor grad har behov for avlasting i heimane. No har dei difor har vi jobba med eit nytt pilotprosjekt som har blitt lagt fram for styret og som vi ønskte å jobbe med, fortel Skaatun.

Kan endre liv

Pramila legg til at dette er eit heilt nytt prosjekt i Nepal og at det difor må jobbast litt for å overtyde foreldra om å sende ungane ut av heimen, spesielt dei eldste ungane.

– Vi har brukt mykje tid på å arrangere møter for å informere om kvifor vi har starta opp programmet og kvifor det vil vere fordelaktig for dei å vere med, fortel Dewan Pramila.

Berit Lyngstad er eitt av medlemmene i styret til Live Åtte.

– Det som er så fantastisk er at det går an å sitte i Ulsteinvik, brenne for noko, og at ein då kan endre liva til folk i ein heilt annan del av verda. Det er ganske stort å få lov å vere med på. I byrjinga var det litt vanskeleg å gripe kva dette prosjektet i Nepal var for noko. Det starta jo med eitt menneske og ei avlastingsleilegheit, fortel Lyngstad før ho legg til.

– Når ein høyrer Pramila snakke om dette så ser ein at dette er konkrete mødrer og barn som får ein betre kvardag, der mødrene får høve til å hente seg litt inn og kanskje kan byrje å tenke på forsørging og arbeid og slike ting, medan barna blir stimulert på ein heilt anna måte og kanskje utviklar seg mykje raskare enn det dei elles ville gjort. Og det er vi med på å skape frå kjøkenet til Eli. Det er ganske fantastisk, meiner Lyngstad.

Liv Meisingset var også på møtet. Ho jobbar ved NTNU og institutt for psykisk helse.

– Eg har vore i Nepal i over 30 år og jobba for utviklingshemma. Dei siste 12–14 åra har eg samarbeida med Pramila. Det som for meg ser ut til å vere veldig viktig er kontinuitet. Desse barna er dei som blir lågast prioritert i heile verda og at vi kan gjere dette arbeidet i Nepal er berre heilt utruleg. Eg er heilt sikker på at det utgjer ein stor forskjell, fortel Liv Meisingset.

Andreas Bjerknes

Live Åtte: Liv Meisingset, Eli Skaatun og Dewan Pramila etter møtet Live Åtte arrangerte på Ulstein rådhus sist veke. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes