Tysdag morgon kom det melding frå Norled om at det ville bli om lag 20 minutts forseinkingar på B-ruta i sambandet Hareid - Sulesund, og at dette ville vare ei stund utover føremiddagen.

I ei seinare oppdatering frå reiarlaget er det klart at avgangen frå Hareid 08.00 og avgangen frå Sulesund 08.30 måtte gå ut grunna tekniske problem.

Då "Ullensvang" skulle gå frå Sulesund tidlegare på morgonen hadde ein problem med å få lukka lemmen ned til kjellardekket på ferja, men då "Ullensvang" gjekk frå kai hadde dei fått igjen denne. Samstundes måtte ein køyre med bakre lem open grunna ein hydraulisk svikt.

Avgangen frå Hareid 09.00 var også noko forseinka, men ifølgje Norled skal ferja gå etter oppsett ruteplan framover. Ferja går likevel med noko redusert kapasitet.