– Annakvart år plar vi å ha det vi kallar Gla’konsert i samband med Hareidsstemna. I år har vi med oss solistar plukka frå øvste hylle, nemleg Birgitte Grytten Velsvik og Rein Alexander. Begge to har ei lang merittliste og ei brei erfaring frå ulike musikalske sjangerar, fortel Svein Smørdal, dirigent i Hjørungavåg Brass.

–Det handlar om kjensler

Smørdal fortal at dei ønskjer å vekkje kjensler hos tilhøyrarane.

– Vi ønskjer å skape ei god oppleving. Difor jobbar vi meir med musisering framfor å finslipe og terpe på det tekniske. Målet er at solistar og orkester skal smelte saman i ei større eining, fortel Svein Smørdal.

Når det gjeld repertoaret er dette sett saman av den eine kjende musikalske perla etter den andre, og Smørdal vonar at dette skal føre til at huda til publikum retteleg skal nuppe seg.

– Dei to første nummera er frå musikalen Les Miserables, «I dreamed a dream» og «Bring him home». Med dette er vi midt inne i den stemninga vi ønskjer å formidle. Vi har lagt vekt på at tilhøyrarane skal få lytte til kjende og lett tilgjengelege tonar, seier Smørdal.

Av det rikhaldige programmet elles nemner han mellom anna «Svalbard-temaet» frå filmen Orions Belte.

– Her vil Ørjan Liavåg ta del med gitarsolo. Ørjan er elles programleiar saman med Ole Frank Bakken, begge to er tidlegare medlemmer i Hjørungavåg Brass, opplyser Smørdal.

Nok ein konsert

Når konserten under Hareidsstemna er vel gjennomført, har Hjørungavåg Brass tre øvingar på seg til å bu seg til neste konsert. Det vert ein såkalla stillekonsert i Hareid kyrkje, i samband med Allehelgensdag den første søndagen i november.

Hjørungavåg Brass er no inne i sitt 25. år og har sidan starten vore under leiing av Svein Smørdal. I alle desse åra har dei greidd å halde på ei komplett brassband-besetning, rett nok med litt hjelp frå musikarar frå Bigset og Hareid inn i mellom, men likevel noko som må seiast å vere ein svært bra prestasjon for ei lita sunnmørsbygd.