- Ulstein kommune har framleis ingen kommentar til domen frå lagmannsretten, seier ordførar Knut Erik Engh torsdag formiddag.

Onsdag ettermiddag kom domen frå Frostating lagmannsrett: som i tingretten fekk Glen Børge Løset Flø medhald i søksmålet mot kommunen.  Ulstein kommune er dømt til å betale nesten to millionar kroner i erstating og sakskostnader til Flø.

Det var i oktober 2016 Glen Børge Løset Flø, ein tidlegare elev ved Hasund barneskule og Ulstein ungdomsskule, tok Ulstein kommune til retten for det han meiner er ein øydelagd oppvekst grunna mobbing. Han meinte kommunen ikkje hadde gjort nok for å få bukt med problemet.

Må snakke med advokaten

Ordførar Engh seier at han ikkje har fått gått skikkeleg gjennom domen, mellom anna fordi advokaten til Ulstein kommune, Øyvind Renslo, er på ferie denne veka.

- Dette må vi handtere på ein god måte som ikkje fører til ytterlegare bør for dei involverte på begge sider, seier Engh.

Kommunen har ein månad på seg til å finne ut om domen frå lagmannsretten skal ankast til Høgsterett eller ikkje.  Til sjuande og sist er det politikarane i formannskapet som avgjer ankespørsmålet.

Ordføraren håper at saka vert behandla på formannskapsmøtet tysdag 17. oktober.