– Det er svært mange som ringer meg og vil om bord, anten for å sjå eller for å ha selskap der. Dei blir skuffa når eg seier nei, men eg har dessverre ikkje tid til slikt, seier reiar Willy Nesset.

Men det har Ishavsmuseet Aarvak, og denne veka gjennomførte dei det første selskapet i «Captains Cabin» for eit lite slutta lag, som fekk servert ein tre-rettars middag.

– Vi har allereie fleire tingingar, fortel dagleg leiar Webjørn Landmark ved Ishavsmuseet.

Det er Rolf Garshol som står for matlaginga under arrangementa, som kan gå føre seg i hovudmessa, mannskapsmessa eller captains cabin, alt etter storleik på selskapet. All mat blir «catra» frå Ishavsmuseet Aarvak.

– Ny arena for formidlingsarbeid

– Men vil ikkje dette gå på bekostning av det museumsfaglege arbeidet ved ishavsmuseet?

– Nei, vi har eigne folk som styrer på kjøkkenet. Både med sjølve matlaginga, pynting og rydding. Andre tek seg av det museumsfaglege. Formidling er viktig for oss, og ishavsskuta «Polarstar» blir ein ny arena å formidle ishavshistoria på, svarer Webjørn Landmark.

Han er glad for at Willy Nesset har gitt Ishavsmuseet Aarvak løyve til å bruke «Polarstar» fritt.

Open under Hareidsstemna

«Polarstar» ligg ved kai ved moloen på indre Hareid og vil vere open for publikum nokre dagar under Hareidsstemna.

– Her blir ope onsdag, fredag og laurdag i Hareidsstemna-veka. Då blir her også sal av stormsuppe, og både Willy Nesset og folk frå museet vil vere om bord for å fortelje om skuta og restaureringsarbeidet, opplyser Webjørn Landmark.

Han håper mange finn vegen om bord desse dagane, og meiner det vil vere eit ypparleg høve til både å sjå og høyre om skuta – og til å få seg rimeleg og god lunsj.