Pedagogisk tankegods trengjer stadig inn på nye område. I den norske barneoppsedinga får pedagogiske tilnærmingar gradvis større tyngde. Er det eintydig positivt og til barnets beste?

Målet med barneoppseding er i alle kulturar det same. Barnet skal disiplinerast og lære dei verdiane som samfunnet har definert som gjeldande for ein fellesskap. Metodane er og har vore mange, og dei fleste har hatt ei eller anna form for utilsikta sekundærverknadar. Om vi samanliknar barneoppseding før og no får vi kanskje auge på ein oppsedarpraksis som kan problematiserast.

Tidlegare var oppsedarpraksisen gitt av generasjonane før. Normene var like i dei fleste bygder. Oppsedarautoritetane var skrivne inn i alle institusjonar; -skulen, kyrkja, lensmannen, familien og grenda var samde om reglane for godt og gale i eit barneliv. Bak låg ideen om at det i born budde troll som måtte temjast. Det var ikkje lett å vere barn og prøve seg på å utfordre normene som autoritetane heime var samde om. Born vart fint hegna inne, og måtte gjennom leik og fanteri finne sine eigne kanalar for å renne av seg ugagn på. Dei vaksne blanda seg lite inn i kva ungane gjorde etter enda skuledag, kyrkjegang, arbeidstimar på båt eller gard. Og ungane var ikkje nådige med kvarandre. Her vart ein tukta og måtte lære seg å leve; -barn erfarte tidleg ikkje like vakre innsyn i menneskesjelene. Men det var enklare å vere foreldre, for både prest, lærar og lensmann heldt oppsyn, saman med heile grenda. Oppsedinga gjekk føre seg lokalt, alle autoritetane var menneske av kjøt og blod, som snakka til både ungar og foreldre. Ein såg kvarandre i augo i semje og usemje. Ungane skulle bli gagns menneske.

I den pedagogiske barndommen finst det ein vaksen som overvakar åtferda på kvar kvadratcentimeter. Ein vaksen som forklarar alle reglar og påbod for å motivere ungen til å overhalde dei. Ei fortolking av barndommen som ein stad med eit potensielt fornuft som kan mobiliserast slik at barnet blir i stand til å overvake seg sjølv. I fråværet av dei lokale og nære autoritetane som før tok i eit felles tak i barneoppsedinga måtte løysinga kanskje bli slik. Men menneske fungerer ikkje utan ein fellesskap, og å skape ein fellesskap krev at vi er villige til å gi frå oss retten til å gjere nett som vi vil.

No har vi strekt ut fridom som det store målet for det lukkelege menneske, og har kanskje lurt oss sjølve. Det er ikkje mogleg å ha ein fellesskap og samstundes nyte full fridom, for den nye «fridomen» skaper berre anna tvang. Foreldre og pedagogar gjer felles sak og mobiliserer kjenslene til ungane for at dei skal bli meir empatiske. I realiteten handlar det om å få ungane til å kontrollere åtferda si. Men i arbeidet med å oppsede born må vi anerkjenne barnet visse behov og rettar. Retten til å ha foreldre og ikkje pedagogar er vesentleg. Barn skal leve og erfare ei heil rekkje kjensler i den dimensjonen barndommen varer. Dei skal kjenne på urett, på sinne, på destruktive sider og på konsekvensar av ulik type åtferd. Det er erfaringar dei treng å kjenne att når dei som vaksne treff ein dritsekk av ein sjef eller ein fuck av ein placebo-venn. Vi må ikkje forklare barn alt. Born treng det ikkje. I dei pedagogiske tilnærmingane ligg det like mykje ei mistillit til barnet, som ein appell til og tru på fornufta. Hand i hand med ideen om det fornuftige menneske ligg det også ei forventning om at barn ikkje evnar å innordne seg utan grunngjevingar. Medan vi tenkjer at snakket skal hjelpe born til ei forståing av eigne og andres behov, så lærer vi dei i staden å overvake eigne og andre sine kjensler. Ein av dagane gjekk eg bak ein pedagog som forklarte ein bøtteknott at den andre vart så lei seg når han oppførte seg slik. Eg lurte på kvifor denne ungen skulle måtte ta ansvar for den andre sine kjensler når han eigentleg hadde nok med sin eigen manglande impulskontroll.

Vi lærer ungane å overvake kjenslelivet, og så undrast vi på kvar alt stresset, angsten og depresjonane deira kjem frå. Eg kom til å tenkje på forteljinga om han Olav i ei lokal grend som hadde ni born. Ein dag klaga ein av dei yngste gutane på maten. Olav røyste seg, utan fakter og med stor ro tok han minsten i handa og leia han frå bordet.- I dag skal han Johannes ikkje ha meir mat, sa han. Faren lærte guten noko viktig. Utan ei einaste forklaring. Faren visste at guten måtte lære å ete alt, for han trengde næringa den maten dei hadde gav. Ei hending fekk ein konsekvens. Guten skjøna meldinga, og Olav var trygg på at om guten trengde forstå ei slik handling, så ville han det når han var vaksen nok.

Poenget mitt er at kanskje var det til barnets og den framtidige vaksnes aller beste om vi kunne la kjenslene få ei pause ei stund. Gjere det enkelt å vere ein autoritet som sa nei fordi ein som vaksen var trygg på sine eigne grunngjevingar. Kanskje kunne vi finne att den tryggleiken som fanst i Olav om at ein annan dag forstår barnet farens vurderingar. Og det er tidsnok. Kanskje har vi også behov for å tenkje nøyare gjennom grenseoppgangane mellom profesjonsutøvarane og deira roller, og foreldrerolla. Kva ville eit tydlegare skilje innebere?

Trudi Eikrem Historikar, Ulsteinvik Foto: Privat