– Eg gler meg! Eg kan ikkje seie så mykje om programmet førebels, men det er snakk om ein og ein halv time direktesending i beste sendetid, fortel han.

Vikebladet Vestposten har bede han møte på Brandal skule, og no sit vi i den blå sofagruppa på lærarrommet.

– Det er rart å vere tilbake her på skulen, seier Rolfsrud, som hevdar at han elskar å improvisere og å ta ting på sparket.

Stor fridom i barndomen

41-åringen er heime på sitt årlege besøk på Hareidlandet. Saman med sonen Anton (10) og dottera Nellie (7) er han på haustferie hos foreldra, som no har flytta til Ulsteinvik.

– Oppveksten her i Brandal var prega av stor fridom. Eg ramla på sjøen nokre gongar, for å seie det slik, fortel Rolfsrud.

Det er friminutt på skulen og ein av lærarane kjem inn i rommet.

– Heisann, eg er den nye rektoren her, spøkjer Ole- utan at læraren ser ut til å bite på.

Korleis var det å gå på skule her?

– Det var veldig kjekt. Vi fekk sjå på tv då det var store skimeisterskap til dømes. Eg veit ikkje heilt kva læreplan dei følgde den gongen, seier han, og legg til:

– Klart vi også kjeda oss her i Brandal, vi sykla rundt og lurte på kva vi skulle finne på. Då vart fotballen ein fin fritidssyssel, fortel han.

Og fotballsporten vart utøvd på grusbana ved skulen.

– Eg likte best å slå målgjevande pasningar. Eg hadde ein ok teknikk, men var litt treg og hadde litt dårleg kondis.

Ole Rolfsrud rakk å få med seg eit par A-kampar for Hareid før han gav opp fotballkarrieren.

– No spelar eg ein del golf. Og så har eg starta med yoga, fortel han, som har slått seg ned i Drammen saman med kona Trine og dei to borna.

Inn i NRK

Etter ungdomsskule på Hareid og vidaregåande skule i Ulsteinvik, reiste Ole Rolfsrud frå Hareidlandet. Først eit år i Frankrike, så fire år i Kristiansand. I 2003 fekk han foten innanfor i NRK.

– Det var i NRK Buskerud, og det første oppdraget var i samband med kommune- og fylkestingsvalet. Eg skulle ringe til alle kommunane og politisk parti i fylket og be dei sende meg vallister og valprogram. Det var sånn passeleg interessant, kjem det tørt frå 41-åringen.

Han beit seg fast i NRK som vikar og tilkallingsvikar, og i 2008 fekk han fast jobb i NRK Sporten i Oslo.

– Det er den beste arbeidsplassen ein kan ha i medie-Noreg. Viss programmet eg skal ha på nyåret går åt skogen, ja, då har eg jobben i NRK Sporten å falle tilbake på. I NRK kan eg jobbe med tv, radio og nett, og eg kan jobbe med utvikling, seier han.

Som programleiar er det veldig synleg, får du mange reaksjonar frå sjåarane?

– Folk er superhyggelege! Spesielt på Gardermoen har eg lagt merke til at mange hukar tak i meg. Men eg har fått nokre handskrivne brev med snirklete skrift, fortel han, og siterer frå eit brev han har lagt ut bilde av på Instagram:

«Du må slutte: å henge på møblene, å stå på ett ben og hvile det andre rundt, å dra av deg slipset for åpent kamera. Brune sko passer ikke til mørk dress. (..) For meg framstår du som en blanding av klovn og sprellemann.»

– Tenk at nokon har orka å setje seg ned, skrive dette, finne adressa og så gå på posten, seier Rolfsrud, i det det ringer inn etter friminuttet.

– Den lyden hugsar eg godt!

Må vere skjerpa

1. november skal Ole Rolfsrud heilt ut av NRK Sporten for å jobbe med det nye laurdagsprogrammet. Ein og ein halv time direktesending må passe bra for ein som elskar å ta ting på sparket.

– Det er ikkje slik at eg går inn i studio og håper at alt skal skjere seg, altså. Men på direkten kan alt gå gale, og då er det viktg å vere skjerpa og budd.