(NPK): Den planlagde ferja skal setjast inn på sambandet Hjelmeland-Nesvik-Skipavik på rv. 13 i Rogaland.

– Vi ønskjer å ha dialog med Norled, Fjord 1 og Boreal i det vidare arbeidet med utviklinga. Alle tre er solide aktørar når det gjeld utviklingsløpet og drifta av ferjesambandet framover, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen i Statens vegvesen.

Det er venta at den nye ferja vil redusera CO2-utsleppa frå sambandet med over 4.000 tonn i året samanlikna med i dag. Vegdirektøren meiner overføringsverdien til andre delar av skipsfarten er stor.

Ved bruk av hydrogen blir utsleppet frå ferja berre vatn, dermed unngår ein CO2-utslepp og lokal forureining. Målet til Vegvesenet er å inngå ein kontrakt med eit reiarlag som saman med leverandørindustrien ønskjer å utvikla hydrogenbasert nullutsleppsteknologi. Dette meiner dei Noreg og Sør-Vestlandet har gode føresetnader for.

– Vi er allereie verdsleiande på miljøvennleg maritim industri. Aktørane i dette prosjektet bør ha eit godt utgangspunkt når dei neste hydrogenprosjekta blir lanserte rundt om i verda, seier Terje Moe Gustavsen som strekar under at det er stor internasjonal interesse for prosjektet.