Etter rundt 10 år i Ulsmo Eigedom AS gjekk Leif-Gunnar Brandal av som administrerande direktør for eigedomsselskapet.

– Eg hadde det veldig fint i Ulsmo, men kjende at eg trengde nye utfordringar. Til slutt fall valet på noko eg kjenner godt, seier Leif-Gunnar Brandal til Vikebladet Vestposten.

Frå eigedom til revisjon

Valet fall på å bli leiar for den nyetablerte Ulsteinvik-avdelinga til eitt av verdas største revisjons- og rådgjevingsselskap, KPMG. Brandal innrømmer at han etter 10 år på sidelinja er litt rusten.

– Det har vore ei enorm utvikling innan revisorfaget, spesielt innan det digitale. Det var med andre ord ei bratt læringskurve etter eg byrja på igjen, seier Leif-Gunnar og smiler.

Men, det var ikkje revisjon Leif-Gunnar byrja å pensle seg inn mot etter vidaregåande skule. Han tok nemleg hotellfag ved hotellhøgskulen i Stavanger, og var ein periode etter utdanninga hotelldirektør ved Hareid Hotell.

– Der var eg blant fleire eigarar som kjøpte hotellet. Vi fekk det ikkje til, då hotelldrift viste seg å vere veldig vanskeleg. Men det var stor lærdom for min del, og eg angrar ikkje i det heile, seier Brandal.

Han jobba ei tid etter dette i Oslo, for eigedomsinvestor og multimilliardær Ivar Erik Tollefsen, mannen som i dag er ein av Norges største aktørar innan eigedom.

Sist NHH-utdanna (Noregs handelshøgskole) Leif-Gunnar Brandal jobba med revisjon, var då han dreiv BDO i Ulsteinvik saman med Atle Birger Flø.

I dag har det selskapet blitt ein del av Revisorgruppen Møre, medan BDO-namnet er det ein annan aktør i Ulsteinvik som driv vidare med. Han hadde som sagt jobba mykje med eigedom gjennom livet, og det var difor han gjekk over til å jobbe i Ulsmo Eigedom då moglegheita baud seg der.

– Godt å vere i gang

Sjølv om det blei å gå tilbake til noko kjent, var det likevel ein del ukjende faktorar å bli van med for Leif-Gunnar.

– Den revisjonsmetodikken vi hadde den gongen eg sist dreiv som revisor var noko heilt anna enn det som er standarden i dag. Med det digitale inntoget i yrket har det blitt langt enklare, men ein må framleis nytte hovudet.

Leif-Gunnar henta ut bevillinga si, tok fleire kurs og er no tilbake i revisorstolen. Men denne gongen er det meir som seljar i starten.

– Det var eit sjokk for meg, det skal eg vere ærleg på. Eg trudde nok ikkje at det skulle kunne skje så store forandringar på ti år. Men det har det verkeleg gjort, både i forhold til regelverk og metodar. Men, det er godt å vere i gang, seier Brandal og legg til:

– No er eg eigentleg ein seljar meir enn eg er revisor. Vi er framleis i ein etableringsfase, og er sjølvsagt på utkik etter nye kundar i regionen. Vi ønskjer å vere meir synlege i regionen, og tenkjer at konkurranse er sunt. Det er mange som har fått besøk frå meg hittil, og det er fleire som vil få besøk. Eg gler meg til fortsetjinga, seier Leif-Gunnar Brandal avslutningsvis.