Lindor Skeide er leiar i grunneigarlaget på Skeide og har vore ei drivkraft til å få på plass ny reguleringsplan på Skeide.

Men sånn som det har enda opp byrjar han å angre på heile greia. Sist laurdag skreiv Vikebladet Vestposten at rådmannen foreslår for politikarane i Ulstein kommune å oreigne grunnen, då dei ikkje greier å kome til semje med grunneigarane. Administrasjonen vurderer det som tomteutbygging på Skeide ikkje vil vere mogleg å realisere innanfor ei akseptabel kostnadsmessig ramme utan at dette arealet blir med i det samla reknestykket.

Det skal byggjast ein ny veg frå Jarbryggja og ut gjennom gardane for eksisterande og framtidig busetnad. Søskena har ikkje noko i mot denne vegen, men meiner ikkje det er rettferdig at deira tun skal ofrast og at dei i tillegg blir påført store refusjonar. Alle andre bustader frå gamal og nyare tid slepp refusjonar i det i heile.

Vil behalde tunet

Søskena eig 23 mål på Skeide. Dei synest det er forferdeleg trist at administrasjonen skriv at det er umogleg å gjennomføre utbygginga på Skeide utan at heimetunet deira med hus går med i dragsuget.

I sommar var dei på forhandlingsmøte med kommunen. Der fekk dei opplyst at dei ikkje må rekne med å få behalde huset. Det skal kommunen bruke som brannøvingsobjekt.

Søskena vart sjokkerte over dei harde orda frå kommunen. Ja, huset er i dårleg stand, men dei har planar om å setje det i stand, og ein etterkomar er interessert i å flytte inn. Huset har stått der i over hundre år, og familien vil ta vare på denne flotte eigedomen.

I åra huset har stått tomt har ungdomar knust ruter og tatt seg til rette i huset og brukt det til festlokale. I 2010 hadde dei planar om å setje huset i stand. Dei innhenta tilbod som sa at det ville koste 800 000 kroner for ei total utvendig vøling, men reguleringsplanane til kommunen med arkeologiske registreringar i ettertid har sett dette arbeidet på vent grunna fastsetjing av reguleringsplan.

Får ei rekning på 1,2 millionar

Området som ligg bak fabrikkanlegget på Myra (brukt til turnhall og utleigelager) er avsett til utvikling av industri, men har tilkomst gjennom eksisterande fabrikkområdet. Arealet er på 4100 kvm. Men dette er ei bratt tomt. Om ein grev ut området vil ein få høge skjeringar på 8 meter, så det går ikkje. Difor vil det nok berre vere aktuelt å byggje ut halvparten.

Kommunen har i avtaleforslag tilbode søskena å behalde dette området som dei eig mot at dei betaler 1,2 millionar i refusjonskostnader. Dette er omtrent tre gonger så dyrt som for industriareal i Saunesmarka.

Dei finn det urimeleg at dei skal betale refusjon for dette industriområdet i det heile, då det er i bruk dagleg til veg/parkering i samband med fabrikkanlegget. Dei meiner ein tredjedel av prisen er meir passande.

Har betalt avgifter

Dei har fått tilbod om å kjøpe tilbake eit anna bustadareal på eigedomen sin, men då blir det til marknadspris som er inkl. kostnader med å knyte huset til offentleg nett og anlegg. Dei finn dei ikkje riktig, då dei i alle år har betalt alt av kommunale avgifter til huset som har stått tomt i fleire år, og ønskjer å ha med seg rettane som er opparbeidde. Den aktuelle tomta vil nok heller ikkje få vegtilkomst på mange år.

– Eg kan ikkje forstå at den private eigedomsrette står så svakt i Noreg at dei kan gå til oreigning, seier Skeide.

Bratt: Eigedomen har flott utsyn. Tomta mellom industriområdet og tunet har bratt stigning, så berre eit par mål kan nyttast til bustadbygging. Foto: Ingvild Aursøy Måseide