– Kvifor kan ikkje søskena Skeide få behalde huset? Kvifor foreslår de å oreigne grunnen?

– Det vil vere mest effektiv arealutnytting at kommunen tar over heile grunnen under eitt, utan hus. Det må uansett gjerast mykje med huset for å setje det i stand til å bu i det, svarer Vik, som står oppført som sakshandsamar for denne saka.

– Men oppussing av huset er vel deira problem?

– Jau, men sånn me ser det er det mest fornuftig at me løyser det inn, svarer Vik.

– Deira forslag

– Kommunen, eller advokaten til kommunen skal ha sagt at det berre var å setje fyr på huset og bruke det til brannøving?

– Nei, det var deira forslag. Det kan me, men det er heilt underordna, seier Vik som også er brannsjef i kommunen.

I sakspapira til formannskapet står det «Bygningane i tunet er ikkje i bruk til bustadføremål og vert vurdert til å vere kondemnable.»

– Søskena skal ha fått tilbod om å nytte ei anna tomt til bustader, men då må dei betale alt av tilknytingsavgifter. Stemmer det?

– Jau, men det er snakk om avgrensa summar. Det er ikkje den store saka her, så det kan ikkje vere hovudproblemet, seier Vik til lokalavisa.

Til formannskapet

Saka skal opp i Ulstein formannskap tysdag 17. oktober.

I samråd med advokat Ingvar H. Seth (som Ulstein kommune har hyra i denne saka) er tilrådinga frå rådmannen at kommunen går inn for oreigning for gnr. 6, bnr. 6, 12 25 og 126. Det blir søkt Fylkesmannen om rett til å ta grunnen i bruk etter oreigningslova.

Føremåla i reguleringsplanen som inngrepet gjeld er bustader (frittliggande småhus og konsentrert småhus), industri, veg, fortau, gang- og sykkelveg og friområde.

I sakspapira kjem det fram at det er fleire grunneigarar som Ulstein kommune ikkje har kome til semje med. Det kan seinare bli aktuelt å oreigne fleire eigedommar

Det er kommunestyret som fattar endeleg vedtak i saka.

Ps: Oreigne er det same som ekspropriasjon på bokmål. Lova opnar for at styresmaktene kan tvinge grunneigarar til å avstå eigedomsretten og andre rettar til fast eigedom for å gjennomføre offentleg vedtekne arealplanar.