- Eg blei veldig imponert, og audmjuk over å få prate for folk som er del av eit veldig sterkt polarhistorisk miljø. I mitt arbeid med Hallvard Devold, Helge Ingstad og deira ekspedisjonar til Grønland, så har eg også blitt gripen av betydninga av Møre-miljøet. Det er fantastisk å tenkje tilbake på at Møre-miljøet for polar utforsking lenge var knytt til berre ei bygd, nemleg Brandal. Brandal var viktig i utforskinga av Grønland. Det er artig å lese forteljingane om at ein lasta båtane i Ålesund, men var innom Brandal og sa farvel med gamlelandet før ein reiste til Grønland, seier Oddvar Svendsen til Vikebladet Vestposten.

Fredag var Svendsen, som er dr. art i historie ved Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet, på Ishavsmuseet. Der heldt han eit spanande foredrag.

- Eg har skrive boka "Eirik Raudes land. I sporene etter Hallvard Devold og Helge Ingstad", basert på ein ekspedisjon som eg gjorde saman med barnebarnet til Hallvard Devold. Hallvard Devold var den som okkuperte Grønland for Norge i 1931, og Norge hadde annektert og okkupert dette området, Eirik Raudes land, frå 1931 til 1933. Devold var difor ein viktig nasjonalhelt på 1930-talet, då nettopp dei polare områda stod i sentrum for norsk utanrikspolitikk. Ein hadde sikra seg kontroll over Svalbard, og no var det altså Grønland som var i fokus. Eg fekk moglegheita som historikar til å dra til dette området, eit område eg lenge har hatt stor interesse for. Filmregissør Leif Igor Devold, barnebarnet til Hallvard, laga film medan vi var der borte, seier Oddvar Svendsen.

Han fortel at historia om Grønland er eit nok så lite omtala kapittel i Norges-historia.

- Under vår reise møtte vi det same som Helge Ingstad og Hallvard Devold gjorde den gongen. Ein arktisk natur som er veldig gripande og som gjer at ein tenkjer at dette skulle vore Norges land.

Etter sitt foredrag viste Oddvar Svendsen fram filmen som Leif Igor Devold laga, «My Norwegian Grandfather». Ein sterk film der regissøren undra seg over kva bestefaren opplevde den gongen.

Med på ekspedisjonen var også Geir Bye som skipper og Grzegorz Korczak som fotograf.

Mange fangstfolk frå Sunnmøre

Nordaust-Grønland var på 1900-talet eit viktig fangstterreng for norske og danske fangstfolk, her stod ein av Noregs arktiske vêrstasjonar, og her blei Eirik Raudes Land til då Hallvard Devold heiste det norske flagg og erklærte området for norsk i 1931. Helge Ingstad blei oppnemnt som sysselmann, og var det fram til Haag-domstolen i 1933 gav Danmark råderetten over heile Grønland.

I denne perioden var det mange fangstfolk frå Brandal, Sula, Hareid, Ålesund og frå resten av Sunnmøre som reiste for å overvintre i små fangsthytter. Peter S. Brandal freista jamvel å okkupere land litt lenger sør for der Devold heiste det norske flagg. Dette gjorde dei for å prøve sikre seg jaktrettar i terrenget som dei heilt i frå 1900 av besøkte for å komplettere selfangsten i danskestredet. Dei jakta både moskus og isbjørn, levande og daud, og dette var økonomisk viktig for dei. (Kjelde: Ishavsmuseet).

Det var fullsett sal på Ishavsmuseet under foredraget til Oddvar Svendsen fredag kveld.