Du har sikkert sett det på Facebook: profilbilde med skrifta «Eg er organdonor.» Kanskje har du eit slikt profilbilde sjølv? Ifølgje Stiftinga Organdonasjon er du ikkje åleine: 42.000 personar i Noreg oppdaterte profilbildet sitt med denne teksta under Donasjonsuka 2017 no i slutten av september.

Heldigvis er det enklare å prate om organdonasjon no enn for nokre år sidan. Emnet er ikkje lenger tabu, men mange av oss synest likevel det er vanskeleg å snakka om og har ikkje teke eit standpunkt. Kva vil vi skal skje med kroppen vår når vi døyr?

I laurdagsutgåva av Vikebladet Vestposten hadde vi organdonasjon som tema. Erik Hatløy var berre femten år gamal då han fekk akutt hjartesvikt og måtte få nytt hjarte. Han er ein av tretti born i Noreg som er hjartetransplantert. Erik er i dag, berre sytten månader etter operasjonen, omtrent tilbake der han var før han vart sjuk. Alt takka vere at nokon sa ja til organdonasjon.

Det er som sit att, dei pårørande, som må svare ja eller nei til donasjon. Spørsmålet kjem raskt etter dødsfallet, og kan vere vanskeleg å ta stilling til. I dagens avis møter du også ei som aldri får vite om faren sine organ berga livet til nokon. Heldigvis sender Rikshospitalet no ut takkebrev til dei pårørande, noko som ikkje vart gjort på tidleg 1990-tal.

I dag står rundt 450 personar i kø og ventar på eit nytt organ. For at dei skal leve, må nokon døy. Til no i år har 355 menneske her i landet fått eit nytt liv takka vere organdonasjon, viser ferske tal frå Stiftinga Organdonasjon.

Difor er det viktig at vi snakkar med våre næraste. Tankar om organdonasjon bør tenkast og seiast medan vi lever, då er det enklare for dei pårørande å svare når spørsmålet kjem.