(NPK-NTB): Talet på døde i influensasesongen i fjor var dobbelt så høgt som i ein gjennomsnittssesong, opplyser Folkehelseinstituttet.

– Det at så mange døydde i fjor, viser kor viktig det er at personar i risikogruppene vaksinerer seg, seier seniorrådgjevar Ragnhild Tønnessen.

Akkurat kor mange nordmenn som fekk sjukdommen i fjor, veit ein ikkje. Mange «står han jo av» heime i eiga seng. Men 130.000 menneske fekk diagnosen hos fastlege eller legevakt, og anslagsvis 6.000 vart så sjuke at dei trengde sjukehusbehandling.

I fjor var det eit influensavirus kalla A H3N2 som herja.

– Det er eit virus som er kjent for å ramme dei eldre hardast, forklarar Tønnessen, som påpeikar at sjølv friske eldre har høgare risiko for å bli alvorleg sjuke av influensa.

Dei fleste sjukehusinnleggingane og dødsfalla førre sesong var blant personar over 65 år.

Eldre, gravide og kronisk sjuke

Oppfordringa frå Tønnessen er krystallklar: Alle i risikogruppene bør vaksinere seg. Det gjeld eldre, folk med enkelte kroniske sjukdommar som diabetes, luftvegssjukdommar eller nedsett immunforsvar. Det gjeld også dei som bur i omsorgsbustad og sjukeheim og gravide.

– Graviditet er i seg sjølv ein risikofaktor. Risikoen aukar utover i svangerskapet, og sjukdommen utgjer også ein fare for det nyfødde barnet, seier ho til NTB.

Risikogruppene utgjer om lag 1,5 millionar menneske i Noreg. Det gledelege er at ein aukande del av desse vaksinerer seg. 28 prosent av dei tok vaksine i 2016-2017-sesongen, mot 23 prosent året før. Særleg dei eldre tar oppfordringa, totalt 38 prosent av dei over 65 år.

– Trur dei toler det

Likevel er det langt unna målet til helsemyndigheitene om at 75 prosent i risikogruppa beskyttar seg med vaksine.

– Det er ein del som trur at dei ikkje treng den. Det er mange som trur dei toler influensaen godt og forstår ikkje kor alvorleg sjuke dei kan bli. Høg alder i seg sjølv er ein risikofaktor for å få komplikasjonar. Du kan få varige helseplager. Vaksinasjon er eit sikkert, greitt og billig tiltak, seier Tønnessen.

Svært mange av dei som vaksinerer seg, har blitt oppfordra til å gjere det av fastlegen eller andre i helsevesenet. Folkehelseinstituttet oppfordrar derfor folk i helsevesenet til å spreie bodskapen og bidra til at fleire tar vaksinen.

Fleire virustypar

I fjor var det altså A H3N2-viruset som dominerte sesongen. Normalt er det ein miks av fleire forskjellige virustypar, og kva som vil plage oss i år veit ikkje styresmaktene.

– Vi overvakar dei virusa som er i sirkulasjon. Gjennom sommaren har det vore sporadiske influensatilfelle. Det er for tidleg å seie kva som kjem, seier Tønnessen, og fortel at høgsesongen nokre gonger kjem oppunder jul, andre gonger nærmare vinterferien.

Vaksinen dekkjer fleire forskjellige virustypar og gir godt vern. Å ta den er likevel ingen garanti for å unngå å bli sjuk.

– Ein del som blir vaksinerte får influensa likevel, men dei får ein mildare sjukdomsgang og har lågare risiko for å få alvorlege utfall og utvikle lungebetennelse, fortel ho.