– Det bør halde for å klippe av ei snor, kommenterte Eldar Knotten (Venstre).

Ordførar Knut Erik Engh repliserte at då må dei kutte på gjestelista. Han sa at det er lagt opp til ei nøktern feiring for dei 60 000 kronene rådmannen rår dei til å løyve.

Vanlegvis ligg kostnadene med opning av eit bygg til prosjektet, men kostnadene for Ulstein Arena har alt gått over vedtekne rammer.

Knotten fekk saman med Lisa Mari Breivik Anderson, Steinar Torvik og Knut Kleiven fleirtal i formannskapet for å halvere summen frå 60 000 til 30 000 kroner.

Tor Meinseth var ikkje til stade då vedtaket vart gjort.