Dei som bur på Ulstein vert utan vatn i seks timar onsdag.

Ifølgje leiar for drift og anlegg i kommunen, Odd Kåre Wiik, vert det vassutkopling frå klokka 09.00 til rundt kl 15.00.

Årsaka er at det skal monterast ein ny kum for lekkasjesøk i byggefeltet Kolbeinhaugane.

Vatnet vert tilkopla etter at arbeidet er ferdig utan nærare varsel.