I fjor stod Ulstein kommune som arrangør, i år det Ulstein Næringslag som arrangerer eit felles fyrverkeri.  Det trengst rundt 100.000 kroner, og lleiar i næringslaget, Line Urke, har sett i gang pengeinnsamling.

Førebels har innsamlinga gått tregt, det har kome inn berre fem tusen.

– Der vil eg rose Ulsmo, som er første og førebels einaste bidragsytar. Har vi til dømes ti bedrifter som gir fem tusen kvar, er vi oppe i femti tusen, seier Urke.

Urke meiner at også privatpersonar bør bidra og så håper ho at kommunen har pengar å bruke på dette.

Ifølgje kultursjef Leif Ringstad brukte kommunen i fjor ti tusen kroner til fyrverkeriet. No er det innkjøpsstopp i kommunen og dermed meir usikkert om kommunen kjem til å bidra til spleiselaget.

- Ikkje industrien sitt ansvar

Bedriftsleiar Håvard Ulstein meiner det ikkje er industrien i Ulstein sitt ansvar å betale for eit slikt felles fyrverkeri.

- I bedriftene jobbar det gode, snille og kjekke folk, men vi må sleppe å sitje igjen med dårleg samvit for at vi ikkje bidreg til dette spleiselaget, seier Ulstein.

Han meiner fyrverkeriet er eit prosjekt som kjem folk i Ulsteinvik til gode og ikkje minst tryggleiken deira.

- Det må difor vere privatpersonar som skal vere med på dette, det er mange private som brukar fleire tusenlappar på fyrverkeri, seier Håvard Ulstein.

Vanskelege tider

Island Offshore var heller ikkje med og sponsa det felles fyrverkeriet i fjor.

Håvard Ulstein viser til at store delar av industrien i dette distriktet har det vanskeleg og ikkje har like mykje pengar som før til å bruke på sponsing. Han nemner Hødd som døme på ein klubb som fått merke det.

-  Industrien i Ulsteinvik har vore med og «sponsa» svært mange idrettslag og organisasjonar og andre tiltak i Ulsteinvik og slik bør det også vere i framtida.  Tidene kjem nok til å endre seg, men eit tiltak som Ulstein Næringslag søkjer om no, «ein puff og ein smell» som er over på 5 minutt, vert ikkje prioritert av industrien, seier Håvard Ulstein.

Han understrekar at han som privatperson gjerne kan ta imot ein søknad om støtte til eit felles fyrverkeri.