Vikebladet Vestposten skreiv måndag denne veka om den spesielle lukta mange kjende den dagen:

Også på facebooksida til avisa var det mange som engasjerte seg, og fortalde at dei hadde lagt merke til lukta.

Måndag avviste seniorforskar hos Norsk Instistutt for Luftforsking, Dag Tønnesen, at lukta kunne stamme frå skogbrannane i Sør-Europa:

- Nei, det trur eg ikkje.  Det er for langt unna.  Det einaste er kanskje frå Spania- men det har lege eit intenst lågtrykk over Irland dei siste dagane, så eg trur ikkje luft frå Spania har nådd Noreg no. Eg har meir tru på at det snakk om noko som har skjedd lokalt på Søre Sunnmøre, kanskje nokon har sett fyr på nokre gamle oljefat?, sa Tønnesen.

Har laga animasjon

Men no har NILU ombestemt seg. I ein epost skriv kommunikasjonssjef Christine Forsetlund Solbakken at dei berre må beklage og melde at røyklukta likevel ser ut til å skrive seg frå skogbrannen i Portugal.

- Vi vart litt nysgjerrige her på NiILU også, så forskarene Nikolaos Evangeliou og Sabine Eckhardt på avdelinga for atmosfære og klima sette seg ned og såg korleis luftstraumane høgt oppe i atmosfæren har flytta seg dei siste dagane, skriv Solbakken.

Dei to forskarane laga ein animasjon, som viser korleis partiklar frå brannen vart ført med vinden frå 1. til 17.oktober.

Her kan du sjå animasjonen frå NILU: