Hareid helsehus er under planlegging. Det er laga ei oversikt over kva funksjonar som skal inn i bygget, kor mykje plass dei treng, og omlag kor mykje dette vil koste.

Helsehuset skal romme legesenter, helsestasjon, ressurssenter, NAV og fylkestannhelsetenesta.

Det har vore gjennomført fleire møte med einingane. Dei har diskutert kva dei treng av plass. Er det nye krav på veg frå sentrale styresmakter? Og kan ein få til sambruk av rom og funksjonar?

I arbeidet har ein hatt fokus på ei nøktern tilnærming til arealbehovet og at nye lokale skal vere tilpassa dagens og framtidast funksjonar, står det i sakspapira til Hareid formannskap. Det står i sakspapira at romprogrammet er eit resultat av så langt dei har kome til no. Det kan bli endringar.

Endeleg behov og kjøp skal leggjast fram for Hareid kommunestyre etter at arealbehovet er ferdigforhandla og klarlagt.

Det blir vurdert å ha ei "fleirbrukssone" i bygget, der nokre av areala blir plasserte. Dette er ei sone som einingane kan bruke etter behov ved å reservere rom. Det kan også nyttast til andre formål på kveldstid og helg.

Legesenteret

Hareid legesenter har seks legar og fem tilsette som legesekretærar. Det er omlag hundre pasientar innom på ein dag. Av desse er omtrent halvparten innom laboratoriet.

Dei treng eit nettoareal på 431 kvm. Det er i planane lagt inn eit ekstra kontor til ein ekstre lege. Det er tenkt at legesenteret og helsestasjonen kan liggje i same etasje. Då kan dei ha felles pauserom og møterom.

Helsestasjonen

Helsestasjonen har stor aktivitet i løpet av ei veke, av ulike brukarar. Lokalet blir nytta til svangerskapskontrollar, barnekontrollar med helsesøster og lege, barselgruppetreff, foreldreførebuande kurs, førskulekontrollar (skulehelsetenesta), helsestasjon for ungdom, helsekontroll av flyktningar, smittevernarbeid og møteverksemd.

Helsestasjonen har fått nye oppgåver og auka ressursar dei siste åra. Dei arbeider stadig meir tverrfagleg og samarbeider med mange instansar.

Dei reknar med å trenge 456 kvm.

Ressurssenteret

Det er ei politisk målsetnad sentralt at nykomne innvandrarar kjem raskt inn i arbeidslivet og blir verande der, skriv Anders Rise som er sakshandsamar i denne saka. Oppgåve til Ressurssenteret er å kvalifisere flyktningar til vidare utdanning eller arbeid.

Senteret har 14 tilsette. På dagtid er det 75 elevar/deltakarar. På kveldstid 50-75.

Lokalet skal delast i tre sonar: kontor, undervisning og arbeids-/personalrom. Undervisningslokale skal kunne leigast ut på kveldstid, det blir dei også i dag.

Nettoarealet dei treng er 510 kvm.

I tillegg leiger ressurssenteret lokale på skulane i kommunen for å leige treningskjøkken. Men skulane treng i grunnen kjøkkena sine sjølv, så det kan vere aktuelt å lage til eit treningskjøkken på helseshuset. Då kan det vere aktuelt at dei sel enkle rettar og kaffimat til dei tilsette på helsehuset.

Fylkestannhelsetenesta

Fylkestannlege skal ha stilt seg positiv til å flytte inn i det framtidige helsehuset i Hareid. Det kan vere aktuelt å få tre behandlingsrom, som blir disponert av to tannlegar. Totalt nettoareal blir 173 kvm.

NAV

Om både kommunestyret i Hareid og kommunestyret i Ulstein gjer vedtak i tråd med tilrådinga frå administrasjonen, blir Hareid kommune vertskommune for eit felles NAV-kontor. I så fall stiller NAV seg positive til å leggje dette kontoret til det planlagte helsehuset.

Slår dei saman kontora vil dei ha 18 tilsette. NAV vil ikkje setje i gang programmeringsarbeid for eit nytt kontor før dei politiske vedtaka er på plass, men basert på NAV sine programmeringsmodellar vil det nye kontoret trenge 548 kvm.

Omsorgsbustader

Byggjenemnda har drøfta om det kan vere aktuelt å leggje til rette for omsorgsbustader eller kommunale husvære i bygget. Rådmannen har kome til at kommunen treng husvære for å dekkje spesielle behov, men det er ikkje tilrådeleg å ha dese i helsehuset.

Til saman

Når ein summerer saman desse tala kjem ein til at helsehuset bør ha eit nettoareal på 2436 kvm. Det er golvareal, utan vegger. Det er ikkje tatt med parkeringsplassar.

I sakspapira står det at ein må rekne med at det kostar 30 000 kr/kvm. For parkeringskjellaren kan ein rekne inn 10 000 kvm. På komunestyremøtet i februar i år rekne ein med at ein trong 3400 kvm i helsehuset. Då var det mellom anna rekne inn 800 kvm til omsorgsbustader og 500 kvm til fylkestannlegen. Men bruttoarealet vil bli 3410 kvm. Om ein i tillegg tar med 1000 kvm til parkering, kjem ein opp i 4410 kvm.

Dette arealet skal fordelast på fleire etasjar. Tomta er på 2046 kvm (inklusive trafo-tomta).

Når kommunen held seg innanfor vedteken maksimal utnytting av tomta, må bygget ha 2,7 etasjar for å romma dei planlagte funksjonane.

Tala for brutto/netto-areal er rekna ut frå erfaringstal frå tilsvarande bygningar, står det i sakspapira. Korleis desse tala blir er avhengig av korleis arkitekten vel å utforme bygget. Det må takast med trapper, heis, gangar, tekniske rom og så bortetter.

Summen som står oppgitt i sakspapira som ein må rekne med at ein må betale for helsehuset er 112 millionar, men at det er veldig vanskeleg å seie i dag. Då er det heller ikkje tatt med pris for tomta, omlegging av VA-anlegg og veg, og ein del andre faktorar. Så ein må nok leggje på 15 prosent på prisen.

Tilrådinga frå levekårsutvale til Hareid formannskap er å godkjenne romfordelinga som er skissert. Hareid formannskap har møte måndag 21. oktober.