Forslaget kjem fram i innkallinga til representantsskapsmøtet i renovasjonsselskapet, som skal vere 27.oktober.

I saksutgreiinga heiter det at hentefrekvensen er heilt sentrale tenester for abonnentane til SSR og det difor er naturleg at representantskapet får uttale seg og gjere endeleg vedtak om endringar.

Kontroversielt

"Det mest kontroversielle i denne saka er nok forslaget om å endre hentefrekvensen på papp, papir og plast", heiter det i utgreiinga frå Einar Heimdal, dagleg leiar i SSR.

Han meiner det verken økonomisk eller miljømessig er forsvarleg å halde fram med henting kvar fjortande dag.

"Men det er klart at innbyggarane har vent seg til landets beste henteordning, og endringar som "forringar" noko vil aldri vere populært", skriv Heimdal i si utgreiing.

Våtorganisk avfall

Einar Heimdal trur endringa i hentefrekvensen for restavfallet vert lettare å godta for folk flest, sidan det er planlagt å innføre henting av matavfall og våtorganisk avfall kvar fjortande dag.

Han foreslår også at renovasjonsselskapet ikkje innfører henting av glas og metall, og at ordninga med nedgrevne løysingar og glasigloar i staden vert vidareførte og forsterka.

Målet til SSR er å starte med desse endringane hausten 2018 og at dei skal vere ferdig innført før sommaren 2019.