Førstkomande sundag (22. oktober) er det tid for TV-aksjonen 2017. Årets aksjon går til Unicef. Dei vil bruke pengane som blir samla inn under årets TV-aksjon til utdanning til born i krig og konflikt. Når born ikkje får lære, står framtida til landet på spel.

- Born betaler den høgte prisen for dei vaksne sin krig. Skulegang gir borna moglegheit til å bryte ut og skape seg ei framtid. Med midlane frå TV-aksjonen 2017 kan me forhindre ein tapt generasjon, seier Bernt G. Apeland, generalsekretær i Unicef Norge, på nettsida til organisasjonen.

Landa Unicef har vald å støtte er Colombia, Mali, Syria, Pakistan og Sør-Sudan.

- Utdanning er det viktigaste grepet mot fattigdom og krig. Dessutan er det godt for oss som menneske at me får vere til hjelp, føle at me står i ein større samanheng, kommenterer Gunn Berit Gjerde til Vikebladet Vestposten. Ho er fylkesvaraordførar og leiar i fylkesaksjonskomiteen for TV-aksjonen.

Både i Hareid vil det gå folk med bøsser for å samle inn pengar.

Ulstein Frivilligsentral og Ulstein kommune har i tillegg ein auksjon gåande til inntekt for TV-aksjonen. Dei har laga til ei eiga hending på Facebook der folk kan by på alt frå måleri til middag på restaurant.