Arbeidsgruppa/styret til Nordvest maraton, frå venstre: Kim Lillebø, Bjarte Sunde, Henning Røyset, Jon Kåre Mork, Vidar Vollsæter og Kim Lillebø.

Arbeidsgruppa/styret til Nordvest maraton, frå venstre: Kim Lillebø, Bjarte Sunde, Henning Røyset, Jon Kåre Mork, Vidar Vollsæter og Kim Lillebø.

Nordvest maraton

Datoen er spikra

Då har arbeidsgruppa/styret til Hareid IL Nordvest maraton spikra datoen for Nordvest maraton 2018 - heil og halv.

Datoen blir laurdag 25. august.

- Vi flyttar arrangementet éi veke i høve i år, fordi vi ikkje ønskjer kollisjon med dei store arrangementa på Stranda og i Nordfjord. Vi fekk svært gode tilbakemeldingar på arrangementet i år. Vi hadde også bra deltaking på halv distanse, men ønskjer fleire på heil, der det stilte få i år. Vi håper at vi no får med oss fleire på heil distanse ved å gå tidleg ut og fastsette datoen for 2018, kommenterer leiar i Hareid IL Nordvest maraton, Vidar Vollsæter.

Sist tysdag hadde arbeidsgruppa møte med oppsummering av den i all hovudsak vellukka 2017-utgåva og planlegging mot 2018-utgåva.

I tillegg til Vollsæter sit Jon Kåre Mork, Kristian Angelsen, Bjarte Sunde, Kim Lillebø og Henning Røyset. Dei har også fått hjelp av Einar Orten Trovåg til å skape blest om arrangementet i sosiale medium. Under sjølve arrangementet er i tilllegg rundt 15-20 andre personar i sving med ulike oppgåver.

Det er først og fremst den flotte naturen langs Grimstadstadvatnet og Snipsøyrvatnet som blir trekt fram som det store plusset ved Nordvest maraton. Spesielt er det tilreisande deltakarar som nemner dette. Fleire hevdar at Nordvest maraton er det mest naturskjønne arrangementet av sitt slag i Nord-Europa. I tillegg har arrangement fått skryt for eit profesjonelt opplegg med godt merka løype med god variasjon, mange drikke- og matstasjonar, flotte vinnarpokalar og flotte gåvepremiar leverte av lokale bedrifter på Hareid.

- No er vi tidleg ute med planlegginga og håper alle aktuelle deltakarar både internasjonalt, nasjonalt, regionalt og lokalt prikkar inn Nordvest maraton på løpskalenderen for 2018, kommenterer Vollsæter og resten av arbeidsgruppa til Nordvest maraton.

Nokre av deltakarane rett etter starten i årets utgåve av Nordvest maraton, halv distanse.

Nokre av deltakarane rett etter starten i årets utgåve av Nordvest maraton, halv distanse.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: