Haddal skule er no den einaste skulen i Ulstein som ikkje har balbinge. Ein ballbinge står høgt på ønskelista til skulen og grenda. FAU har i samarbeid med idrettslaget og sanitieten søkt Ulstein kommune om å forskottere spelemidlar til dette.

I Hasund søkjer dei om støtte til ein aktivitetspark med buldrevegg. Også her er det samarbeid mellom fleire lag og organisasjonar.

Rådmannen rår levekårsutvalet til å forskottere 300.000 kroner til kvar i spelemidlar.

Det er Kjersti Vengen Jensen, dagleg leiar i frisklivssentralen, som er sakshandsamar. Ho meiner desse tiltaka vil føre til meir aktivitet, og såleis betre folkehelse. Saka skal opp i levekårsutvalet onsdag 8. november.