Samstundes vil dei setje av 23 millionar kroner til 11 månaders studiestøtte for folkehøgskuleelvar, noko som vil kome andreårselevar ved folkehøgskulane til gode.

– Det er viktig at vi sikrar dette skuletilbodet. Mange unge nyttar gjerne eit år på folkehøgskule for å tenke seg om, og dette gir totalt sett ein samfunnsøkonomisk gevinst, meiner Gunn Berit Gjerde, fylkespolitikar for Venstre i Møre og Romsdal og varafylkesordførar.

Ho fortel at Venstre og KrF vil støtte kvarandre i denne saka når dei no skal i forhandlingar med regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet om neste års budsjett.