(NPK-NTB): Ei undersøking Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) har gjort for reisebyrået Ticket, viser at terror er den faktoren som i størst grad har påverka reisevanane til dei som er spurt det siste året.

25 prosent svarer at terrorhandlingar eller terrortruslar har påverka reisevanane, men talet går ned frå 33 prosent i ei tilsvarande undersøking i fjor. 8 prosent av dei som er spurt svarer at den politiske situasjonen har hatt innverknad på vanane, mens 7 prosent svarer at flyktningsituasjonen har spelt inn.

Nærmare halvparten (46 prosent) seier at ingen hendingar i omverda har påverka reisevanane det siste året.

Lengtar etter sol og varme

Undersøkinga har også kartlagt om folk planlegg å reise utanlands til vinteren og i så fall kvifor. 54 prosent har planlagt ein privatreise til utlandet i vinter, og ikkje overraskande svarer 38 prosent av dei at dei gjer det for «å få meir sol og varme».

Dei som er spurt har hatt moglegheita til å gi fleire svar på spørsmålet, og blant dei andre populære årsakene til reisa er «for å få kvalitetstid med min partnar» (25 prosent), «for å få oppleve ein annan kultur/eventyr» (23 prosent), «for å få ny energi midt på vinteren» (21 prosent) og «for å få kvalitetstid med familien (13 prosent).

Flyktar frå «kjedeleg kvardag»

Kvinner oppgir i større grad enn menn at dei reiser bort for å få kvalitetstid med familien. 18 prosent av kvinnene seier at dette er ein årsak til at dei planlegg ei utanlandsreise i vinter, mens berre 8 prosent av mennene svarer det same.

10 prosent av dei som er spurt svarer at dei reiser utanlands «for å komme bort frå den kjedelege kvardagen».

Til saman er 1.026 personar i alderen 18 til 79 år spurt i undersøkinga. Den blir publisert saman med statistikk frå reisebyrået Ticket over bookingar for vinteren, som viser at Spania er det mest populære reisemålet, etterfølgt av Thailand og Storbritannia.

Talet på reiser til Storbritannia aukar med 76 prosent frå same periode i fjor, trass i fleire terrorangrep det siste året.