VG fortel at 1.087 norske bruer har det inspektørane omtalar som «store» eller «kritiske» skader for bereevna og trafikktryggleiken.

Men avisa fortel også at Statens vegvesen bryt reglane for årlege inspeksjonar av riks- og fylkesvegbruer. Avsløringane kjem etter at avisa har fått innsyn i bruforvaltningssystemet Brutus og besøkt 104 bruer i 15 fylke.

Inspeksjonane til Vegvesenet skal finne ut av om bruer har alvorlege skadar eller treng vedlikehald, og lovverket tilseier at det skal utførast slike tilsyn kvart år. Men ifølgje Brutus blir fristen for desse kontrollane broten for over halvparten av bruene i Noreg.

Fleire av regionane til Vegvesenet seier dei ikkje får gjennomført inspeksjonane fordi dei ikkje har kapasitet eller pengar.

Rogaland og Oslo blant verstingane

– Etterslepet på vedlikehald er éin ting. Det har med løyvingar å gjera. Men etterslepet på kontroll og inspeksjonar er ikkje akseptabelt. Dette er det ikkje lov å ha etterslep på, seier direktør Trude Tronerud Andersen i Vegtilsynet til VG.

– I veglova står det at vegnormalar skal lagast, godkjennast og følgjast. Bryt dei det systemet, så bryt dei målet med lovverket om å ha sikre vegar og bruer, held ho fram.

Rapportane frå Brutus avslører at det er registrert flest alvorlege skadar i Rogaland. Likevel blei berre ei av tre bruer inspisert i fjor.

Aller verst står det likevel til i Oslo, der berre åtte av dei 213 riksvegane i hovudstaden har blitt inspisert slik regelverket krev.

Lovar å rydda opp

Direktør i Statens vegvesen, Jane Bordal, vedgår at oppfølginga av bruene ikkje har vore god nok og lovar no at dette skal ryddast opp i.

– Ingen trafikantar skal kjenna uro for tryggleiken på bruene. Vi går ikkje på akkord med tryggleiken til trafikantane, seier Bordal i ei pressemelding.

– Er vi usikre på om ein bru er trygg, blir ho stengd, legg ho til.

Gruppa som skal gå sjå på tilsynet med bruene skal levera rapporten sin innan nyttår.