(NPK): – Det er viktig og rett å beskytte eitt av dei mest tradisjonelle norske kjøtprodukta me har, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale i ei pressemelding.

Tolv produsentar av pinnekjøt har gått saman om å få ei beskytta geografisk nemning på pinnekjøtet. Dette skal garantere at kjøtet er produsert i Noreg etter ein tradisjonell metode. Det er klare krav til kjøtfylde og feittmengd, og til at sidene er nok salta og at det har brukt den tida det tek å tørke med minst 33 prosent.

Pinnekjøt frå Noreg har no fått den same vernet som til dømes Champagne og Parmaskinke.

– Norsk mat fortener same vern mot juks og kopiering som mat frå Italia og Frankrike, sa Dale då han delte ut beviset for nemninga under NM i julemat torsdag, skriv Matmerk.no.